• BOMMEN VERT HEVA: Frå 30. april treng du ikkje betale bompengar her lenger.

    FOTO: OVE OLDERKJÆR

Snart vert dette heilt gratis

No er det avgjort når bompengane tek slutt på Trekantsambandet.

Frå 30. april vert det gratis å køyre over Trekantsambandet, har styret i Sunnhordland bru- og tunnelselskap AS avgjort, ifølgje avisa Sunnhordland.

- Det at anlegget vert gratis, nøyaktig på 12-årsdagen etter opninga vert ein historisk dag for regionen, skriv arbeidande styreleiar Pål Kårbø i ei pressemelding.

- Hald fram å betale

Praktisk informasjon til alle kundane i Trekantsambandet, som omhandlar avslutning av abonnement, vidareføring eller oppretting av nye avtaler i andre anlegg, vert sendt ut i god tid før nedlegging, seier han.

- Fram til stengingsdagen bør kundane halda fram med å betala inn forskot, då alle vil få tilbakebetalt det dei har uteståande hos selskapet etter nedleggingstidspunktet, seier styreleiaren.

Ein milliard i bompengar

Han legg til at selskapet i samarbeid med andre aktørar skal laga ei markering på sjølve dagen.

Trekantsambandet går mellom Stord, Sveio og Bømlo, og opna i april 2001. Det består av to hengebruer, to mindre bruer og undersjøisk tunnel under Bømlafjorden. Anlegget avløyste fire ferjeruter, deriblant E39-sambandet Valevåg–Skjersholmane.

Totalkostnad var 1814 millionar kroner, derav 1036 millionar i bompengar. Sambandet har opp mot 6600 bilpasseringar i døgeret om sommaren (2011).

Siste fra Økonomi

o Aller Media kutter 50 årsverk

Til sammen 50 årsverk skal bort i mediekonsernet Aller Media i løpet av det neste året.

Båtfesten i gang

Se bilder fra messen i Bergen!

Han gjør nytt forsøk
med flybuss i Bergen

Etter konkursen i Flybussbergen satser Robert Aasmul igjen.

Blodig børsdag
for TTS Group

Stuper over ti prosent.

Vil la fisk svømme
i tanker i fjorden

Har utviklet et lukket oppdrettsanlegg med stive vegger.

Erik ventet med å
kjøpe båtdrømmen
- og ble belønnet

Nå er båtmarkedet omsider på vei opp igjen.

Bilder

BOMMEN VERT HEVA: Frå 30. april treng du ikkje betale bompengar her lenger. FOTO: OVE OLDERKJÆR

BOMMEN VERT HEVA: Trekantsambandet går mellom Stord, Sveio og Bømlo, og opna i april 2001. FOTO: OVE OLDERKJÆR