Smil, du er (snart) på Google

No vil selskapet ta bilete av nordmenn på gata, og leggja resultatet ut på internett.

Google har vore i møter med Datatilsynet om tenesta «Street View» - som kombinerer panoramafoto med kartdata. Bileta viser òg alle som måtte ferdast i gatene.

Tidlegare i haust tok selskapet initiativ til eit møte med Datatilsynet. På møtet gav tilsynet uttrykk for at Google bør sørgja for at folk ikkje er lette å kjenna igjen på bileta.

- I prinsippet har ein rett til å køyra rundt i ein by og ta bilete av hus og trafikk. Dette gjeld òg private vegar, seier informasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet.

Saksøkt av ektepar
Han fortel òg at tilsynet råda Google til å ta kontakt med lokale styresmakter. Bergen kommune har så langt ikkje blitt kontakta.

- Skulle noko slikt bli aktuelt, vil me gå grundig gjennom det Google presenterer, med tanke på å sikra personvernet, seier Lars Tveit, seksjonsleiar for konkurranse og utvikling i Bergen kommune.

«Street View» blei først introdusert i enkelte byar i USA i fjor vår, og inkluderer no bilete frå fleire tusen stader i USA, Australia, Japan, Frankrike og Italia. Bilete frå gater i Canada, Storbritannia og Singapore er også undervegs.

Bileta til «Street View» blir tatt av eit spesialkamera montert på ein personbil med Google-logo på. Sidan i mai i år har Google gjort ansikta til folk uskarpe på bileta, men storparten av bileta frå USA er framleis utan sensurering.

Funksjonen har vekt reaksjonar hos fleire amerikanarar. Ekteparet Aaron og Christine Boring frå Pittsburgh saksøkte i vår Google for 25.000 dollar etter at selskapet hadde køyrt bilen sin opp den private vegen deira og fotografert ekteparet sitt hus. Google avviste søksmålet med utsegn om at det med dagens teknologi for satellittbilete ikkje lenger finst noko som heiter fullstendig «privacy» - retten til vern mot offentleg merksemd.

Ikkje tidfesta
Ove Skåra meiner det er uheldig om Google skulle bomma på anonymiseringa.

- Det finst stader der folk ikkje ønskjer å bli fotografert. Google må vera varsame med foto frå sjukehus og særskilde stader, som Plata i Oslo.

Bileta i gatevisinga er ikkje datert.

- At folk ikkje kan tidfesta kor tid enkeltpersonar var på bestemte stader, gjer det heile litt mindre problematisk.

Google har som målsetjing å kunna tilby «Street View» for heile verda, men ønskjer ikkje å seia noko om planane for Noreg.

- Me kommenterer ikkje framtidige produkt, seier Maria Göth i Google Norden.

Les også

Siste fra Økonomi

- Vi får ikke fylt bensin

Shell-stasjonene over hele landet sliter på grunn av teknisk feil.

- Facebook vil kjøpe
opp norsk nettleser

Opera kan havne i Mark Zuckerbergs hender, ifølge amerikansk teknologinettsteder.

Denne gjør dem styrtrike

Mens mesteparten av oljepengene går i statskassen, har oppdrettnæringen gjort flere hundretalls familier langs hele kysten styrtrike.

Putin legger press på Statoil-sjefen

Helge Lund fikk klar beskjed da han tilsynelatende var kalt inn på teppet hos Vladimir Putin i går. Putin vil at Lund åpner pengekranen innen en måned, og bygger ut gassfeltet Stockman i Barentshavet.

Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.

Begrepet «What happens in Vegas, stays in Vegas» gjelder på ingen måte for Facebook, skriver Even Teimansen.

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 6,02
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
-0,03 7,53
 
GBP
-0,03 9,42
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,09% 392,17
 
Dow Jones
-0,23% 12 502,43
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,43 106,98

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger