Det viser novembertala frå Vinmonopolet. Sju av dei ti mestseljande ølsortane har negative tal samanlikna med november i fjor. Samtidig auka Vinmonopolet sitt totale ølsal med rundt 23 prosent i perioden.

Ølmånadene

November og desember er årets desiderte ølmånader på Vinmonopolet.

— Vi ser klart på våre salstal at interessa for kortreist øl frå lokale mikrobryggjeri rundt om i landet aukar, seier informasjonskonsulent Ida Brenden Engholt i Vinmonopolet.

For på Vinmonopolets ti på toppliste er det berre juleøla frå bryggjeria Aass og Mack som hadde framgang i november, resten av storseljarane frå dei etablerte bryggjeria går tilbake i høve fjoråret. Men det kan snu i desember, påpeikar Brenden Engholt:

— Hugs på at mange av dei smale ølsortane er produsert i små, volum og blir fort utselde, seier ho.

- Berre positivt

Verd å merke seg er at salsvinnaren på topp ti-lista, God Jul-ølet frå småbryggjeriet Nøgne Ø, var det sjette mest selde ølet i november. Samanlikna med i fjor har det den suverent største auken av alle storseljarane med sine 52,8 prosent.

Direktør i Bryggeri- og Drikkevareforeningen, Petter Nome, er ikkje overraska over framgangen for dei små og mellomstore bryggjeria.

— Denne utviklinga er berre positiv og er eit løft for alle ølinteresserte. Det viser også ei fornying og auka kreativitet i bryggjeribransjen, seier Nome, som meiner trenden går i retning av at smak og kultur blir meir og meir sentralt når folk handlar øl.

— Det verkar som stadig fleire kjøper øl for å utvide smakshorisonten og kunnskapen, og ikkje berre for å bøtte nedpå, seier Nome.

Vil flate ut

- Kva betyr utviklinga for dei store bryggjerikonserna?

— Eg skal vere varsam med å gje råd, men dei ser jo kva som skjer. Og fleire av dei store aktørane er allereie på bana med fleire småskala spesialøl, anten frå eigne bryggjeri eller spesialimportert, seier Nome.

Nome viser til at fleire nisjebryggjeri har vunne øltestar i dei største avisene no før jul, og trur at det er ein del av forklaringa på framgangen. Han trur ikkje at suksessen for dei små er eit forbigåande fenomen, men tvilar på at den formidable veksten kan halde fram over tid.

— Dette er trendar vi har sett ei tid ute i Europa og i USA. No kjem vi i Norge etter, og etter kvart vil det truleg flate ut også hjå oss. Eksempelvis i Danmark har vi allereie sett dei første konkursane blant mikrobryggjeria, seier Nome.

Øl og brennevin frå Sogn

Småskalaprodusentane Ægir i Flåm og Kinn i Flora har gått til topps i fleire nasjonale øltestar denne jula, og er allereie utselde på ei rekke Vinmonopol. Ved Ægir Bryggeri i Flåm i Sogn har dei nesten dobla produksjonen i år, og er i ferd med å ta i bruk eit heilt nybygd bryggjeri. Det vil også innehalde ein avdeling med destilleri. Då skal også bemanninga aukast frå tre til fem personar.

— Hittil har vi måtta importere ein del av ølet frå Belgia. Når vi har tatt i bruk våre nye produksjonslokale fullt ut frå mars neste år, vil alt Ægir-øl vere brygga her i Indre Sogn, seier gründer og bryggjerimeister Evan W. Lewis i Ægir.

Les mer om ølbølgen som skyller over Norge iBTMagasinet lørdag.