Fylkestinget kjem i ettermiddag etter alt å døme til å opprette eit nytt aksjeselskap som skal eige Sogn og Fjordane fylkeskommune sine 59 prosent i transportkonsernet Fjord1. Det nye selskapet skal bli fylkets instrument for å kjøpe opp Møre og Romsdals aksjepost i transportkonsernet. Dermed kan det nye selskapet — heileigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune - bli eineeigar i transportkjempa Fjord1.

To månaders frist

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å selgje sin aksjepost på 41 prosent i Fjord1, og er inne i sluttfasen av salsprosessen. Bergens Tidende har tidlgare i vår fortalt at Tide er ein av interessentane.

Men aksjonæravtalen mellom dei to noverande Fjord1-eigarane gjev Sogn og Fjordane forkjøpsrett til aksjeposten, og etter eit sal har fylket har to månader på seg til å eventuelt tre inn i høgste bod.

I dag sit fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane samla i fylkesting i Loen i Nordfjord, og ei overtaking av heile Fjord1 er blant sakene som skal opp.

— Dette var oppe i fylkesutvalet i går ettermiddag, og fleirtalet her gjekk inn for den løysinga vi no har fått tilrådd, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Skal opprette nytt selskap

I eit notat rår advokatfirmaet Wiersholm fylket til å snarast opprette eit aksjeselskap, og overføre Sogn og Fjordane sin aksjepost dit. Dette for å vere i posisjon til å kjøpe Møre og Romsdal sin aksjepost dersom høvet byr seg.

Paragraf 50 i kommunelova hindrar nemleg fylkeskommunen som eigar i å ta opp lån for å kjøpe aksjar, medan eit heileigd selskap kan låne og kjøpe seg opp med tryggleik i dei Fjord1-aksjane selskapet allereie eig.

Det nye aksjeselskapet må opprettast før Møre og Romsdal eventuelt bestemmer seg endeleg for å selgje aksjane sine til høgsbydande. Uansett om det nye selskapet får kjøpe denne posten eller ikkje så blir det uråd for Sogn og Fjordane fylkeskommune å få tilbake sin aksjepost. I så fall vil forkjøpsretten kunne bli utløyst til fordel for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ikkje reversibelt

Så når politikarane i ettermiddag truleg vedtek å opprette det nye selskapet og overføre Fjord1-aksjane dit, blir det med andre ord ei permanent ordning uansett kor Møre og Romsdal sine aksjar endar.

Fylkesrådmannen skriv til politikarane at han ser på løysinga som eit strategisk rett grep for å sikre ei meir fleksibel utøving av eigarskapen. Frp har lenge flagga at dei på prinsipielt grunnlag er mot at fylket skal eige Fjord1, og partiets representant var den einaste som røysta mot framgangsmåten då saka var oppe i fylkesutvalet tysdag denne veka.

Det nye selskapet, som altså kan bli ståande som eineeigar i Fjord1, vil få ein aksjekapital på 250.000 kroner. Som styre er foreslått fylkesordførar Nils R. Sandal (leiar), varaordførar Åshild Kjelsnes og leiar for plan og næring Kjartan Longva.

Kva meiner du? Delta i debatten under!