Konflikten om riggutstyret er eit etterspel etter salet av den første av riggane Petromena hadde tinga hos Jurong Shipyard i Singapore. Petromena er eit riggselskap i Berge Gerdt Larsen-systemet. Selskapet vart slått konkurs måndag.

Då Petromena tidlegare i år ikkje greidde å gjere opp for seg la verftet riggen ut for sal for å få dekka sine krav.

Men ein del av utstyret, som verftet ikkje sjølv hadde levert, vart ikkje lagt ut for sal. Kven eig dette utstyret? Det har verftet bedt retten i Singapore om ei avklaring på.

Ei høyring i saka skulle haldast i går, men er utsett til 5. januar neste år.

Høglydt krangel

Eit tidvis svært høglydt rettsmøte i Oslo måndag ettermiddag enda med at det vart opna konkurs i Petromena. Det var långjevarane, representert ved firmaet Norsk Tillitsmann, som hadde kravd konkursen.

PetroMENA hadde ei gjeld på til saman 5,5 milliardar kroner til Norsk Tillitsmann sine klientar.

Under rettsmøtet i Oslo kom det fram at Norsk Tillitsmann meiner konkursen opnar for at det blir lettare for långjevarane å få tatt rettslege steg for å sikre sine krav. Singapore og krav rundt dei tre riggane vart spesielt trekt fram.

Møter Larsen-selskap

Etter det Bergens Tidende kjenner til blir spørsmålet om kven som eig utstyret som høyrde til den første riggen det første stridsspørsmålet etter konkursen.

Ein av dei andre moglege eigarane av utstyret er Larsen Oil Gas sitt selskap i Singapore. Dette er eit selskap eigd av Berge Gerdt Larsen, som mellom anna er forretningsførar for riggselskap Larsen har skip og er medeigar i.

Martin Nordaas, som er talsmann for Larsen Oil & Gas-selskapet i Singapore sa i førre veke til avisa Dagens Næringsliv at selskapet meiner å ha krav på godt over 120 millionar kroner til gode for arbeid som er utført for Petromena.

Går direkte på Larsen

Norsk Tillitsmann sine advokatar varsla i rettssaka måndag at dei vil føre rettslege prosessar mot Larsen Oil & Gas i lang tid, sjølv om Petromena er konkurs.

Norsk Tillitsmann tok alt i sommar dei første rettslege stega direkte mot Larsen Oil and Gas Limited i Storbritannia.

Norsk Tillitsmann krev cirka 250 millionar kroner frå selskapet. Kravet skuldast at ein del av inntektene Larsen Oil and Gas Limited får som forretningsførar for riggen «SS Petrolia» er pantsett som tryggleik for lån til Petromena. «SS Petrolia» er utleigd til det meksikanske oljeselskapet Petrolia.