— Lager- og teminalfasilitetar Kyst1 disponerer er uvanleg lite eigna til oppbevaring av daglegvarer, fersk fisk, mjøl osb. Grunnen er mellom anna store rotteplager, skriv distriktssjef Kjetil Skjoldal i Nor Lines i ein klage på at konkurrenten er innstilt som leverandør.

Dagleg leiar Jan Johansen i Kyst1 slår tilbake, og viser til at Nor Lines tidlegare brukte akkurat dei same lagerlokala.

— Rotteplage har vi dessutan overalt i heile hamna. Det er ikkje noko spesielt for området der vi har terminal, seier han.

Truga av nedlegging

Godsbåtruta frå Bergen til dei veglause bygdene og øyane i Ytre Sogn og Sunnfjord er ein av dei siste fraktebåtane som går i rute på vestlandskysten. Ruta har vore truga av nedlegging fleire gonger. Sist var for to år sidan då Sogn og Fjordane fylkeskommune først sa opp driftsavtalen, for deretter å gjere heilomvending. Fylket meinte det ville vere billegare å føre fram godset med bil. Men etter sterke protestar, først og fremst frå Gulen og Solund, blei ruta lyst på anbod til 2012.

No har frakteruta vore på ny anbodsrunde, denne gongen til 2020. Det blei levert inn tre tilbod, frå Nor Lines, som vann for to år sidan, Kyst1 AS og Gulen SkyssbåtService AS.

Kyst1 var billegast. Dei vil ha eit årleg tilskot på 2,9 millionar for å drive ruta, meir enn 1,1 millionar mindre enn Nor Lines. Fylkeskommunen innstiller difor på at Kyst 1 får oppdraget for dei komande åtte åra.

- Ikkje noko problem

I klagen skriv Nor Lines at dei finn det uforståeleg at Kyst1 tilfredsstiller anbodskriteria. Mellom punkta dei peikar på er at delar av lageret, skur 26 på Møhlenpris, må ha kjøl og frys for å unngå brot på kjølekjeda ved transport av matvarer.

— Så vidt vi kjenner til er det verken frys- eller kjølefasilitetar på terminalen til Kyst1, heiter det.

Nor Lines skriv vidare at dei tidlegare har gjort ei utgreiing på å bruke skuret til oppbevaring av kaffi, men at dei konkluderte med at Mattilsynet ikkje ville godkjenne lokala til eit slikt føremål. Sjølv om kaffi verken er kjøle- eller frysevare, stiller Mattilsynet krav om at lageret skal vere tett. Det skal ikkje vere skadedyr, og det skal vere glatte vaskbare flater:

— Det er fleire opne hol i veggene i dette skuret, det er stor rotteplage, golvet er av grov asfalt og veggene av uisolert og svært ujamn kledning.

Jan Johansen meiner dette ikkje vil bli noko problem:

— Til varer som må oppbevarast kaldt, vil vi bruke frysecontainerar som vi set rett om bord i båten. Vi skal klare å oppfylle dei kvalitetskrava som blir sett. Og lagerlokala er som sagt dei same som Nor Lines tidlegare har brukt som terminal for denne ruta.

Gjekk i minus

Nor Lines set også spørjeteikn ved om konkurrenten har økonomi til å gjennomføre eit slikt oppdrag. Dei viser til at Kyst1 er eit nyskipa selskap som i sitt første driftsår gjekk med underskot. Meir enn halvparten av aksjekapitalen er tapt.

— Dette forholdet indikerer at det er usikkert om selskapet vil kunne drive vidare, meiner distriktssjef Skjoldal.

Kyst1 vedgår at dei ikkje leverte noko godt resultat i fjor. Rekneskapen syner eit underskot på 218.000 kroner.

— Grunnen er at vi starta opp drifta i februar 2010. Vi har hatt oppstartskostnader, og då må berre rekneskapen bli slik. Drifta så langt i år viser at vi har teke det att, og vel så det. Etter mitt syn er ikkje dei innvendingane Nor Lines kjem med her relevante for saka, seier Jan Johansen.

Nor Lines er ein av dei største operatørane av godstransport langs kystlinja i Nord-Europa. Dei har avdelingar og terminalar frå Nederland til Kirkenes. Kyst1 er ein ny aktør på denne marknaden som samarbeider med andre selskap om ruter frå London til Murmansk.

Er det mykje rotter i Bergen? Fyr laus i kommentarfeltet under!