Berge Gerdt Larsen er storaksjonær og styreleiar i Petrolia.I ei børsmelding i dag krev selskapet svar på ei rekkje spørsmål i samband medat DNO International selde sin aksjepost i Det Norske Oljeselskap i august, til40,25 kroner pr. aksje.

Det Norske Oljeselskap er ein av partnarane i det storeAldous/Avaldsnes-funnet, eit av dei aller største oljefunna på norsk sokkel.

Trass i av funnet var kjent og forventningane store, selde DNO Internationalsin aksjepost på 11,6 prosent til Aker.

I dag er aksjekursen i Det Norske Oljeselskapmeir enn dobla, og Petrolia Invest meiner eigarane av DNO International hargått glipp av ein gevinst på over ein halv milliard kroner på grunn av eitforhasta aksjesal.

Børsmelding-krig

Børsmelding frå Petrolia Invest er ein del av den bitre maktkampenom kontrollen i DNO International, der Berge Gerdt Larsen var styreleiar framtil i sommar.

Larsen og Petrolia sitt mål er å stogge planen om å la detarabiske oljeselskapet RAK Petroleum få leggje sine oljelisensar inn i DNOInternational i bytte mot å få auke sin aksjepost frå 30 til 40 prosent iselskapet. Ei ekstraordinær generalforsamling 1. november skal avgjere striden.

I børsmeldinga frå Petrolia Invest blir det spekulert i ommotivet for aksjesalet i august var å fylle opp kassa i DNO International, forå skaffe kontantar til å finansiere drifta av RAK Petroleum sine oljelisensaretter ei eventuell samanslåing.

Avlyser gransking

Styremedlem Erik J. Frydenbø i Petrolia ASA kravde tidlegarei haust gransking av banda mellom administrasjonen i DNO International, medkonsernsjef Helge Eide i spissen, og storaksjonæren RAK Petroleum.

Det kravet er avvist av Oslo tingrett, ifølgje eibørsmelding frå DNO International i dag.

Larsen og hans allierte kjem med ugrunna skuldingar, ifølgjeDNO International. Selskapet skriv det har vore alvorleg bekymra for at måletmed granskinga var misbruke rettsapparat for å hindre samanslåinga.

Avviser skuldingar

DNO International har og sendt ut ei børsmelding på vegnerav styret i selskapet i dag. Den meldinga er eit svar på oppmodinga PetroliaASA sende ut i går. Der åtvarar Petrolia ASA mot samanslåinga, fordi det DNOInternational risikerer å ta på seg eit milliardansvar for fjerning ogopphogginga av RAK Petroleum sine oljeinstallasjonar i Midtausten.

Feilinformasjon og mistydingar, på line med annadesinformasjon Petrolia har sendt ut ved fleire høve i det siste, ifølgjestyret i DNO International.

Styret stiller seg fullt og heilt bak samanslåinga, ogavviser at aksjonærane har fått mangelfull informasjon om vilkåra forsamanslåinga,