Real Salmon spekulert med stort hell i laksemarknaden ifjor, men nedturen i lakseprisen i år sende selskapet rett til skifteretten.

Fortenesta i fjor var på over 100 millionar kroner, men i år har selskapet taptkring 200 millionar. Først ved årsskiftet vil bustyrar Arne Laastad haroversikt over kor stort tapet blir.

Avviste forsøk på løysing

Storaksjonær og dagleg leiar Ivar Holmefjord spekulerte ogprivat. Der er tapet over 30 millionar kroner privat, ifølgje Laastad.

Det tapet er dekt inn gjennom eit lån frå selskapet, eit lånsom gjorde at nokre av kreditorane avviste forsøket på å få til ei løysingtidlegare i haust.

— Einav grunnane til at nokre av kreditorane sa nei til akkorden er at dette tapeter dekt av Real Salmon. Han (Holmefjord) har ei gjeld til selskapet på over 30millionar kroner, seier Laastad.

Real Salmon har spekulert på utviklinga i lakseprisengjennom laksebørsen Fish Pool i Bergen og sveitsiske Directe Hegde.

Brukarar ermellom andre oppdrettarar som vil sikre seg mot store prissvingingar. Her kandu inngå veddemål på kva lakseprisen vil vere på eit gitt tidspunkt fram i tid.Blir den høgare enn du trur når dagen kjem, får du ein gevinst, blir den lågaremå du dekke inn tapet.

Fortenesta fordama

Frå toppen på seinvinteren i år har lakseprisen blitt meirenn halvert. Dermed fordampa heile fortenesta frå i fjor, og meir til for RealSalmon.

Motparten i Real Salmon sine veddemål er ei rekkjeoppdrettsselskap, mellom andre Grieg Seafood.

— Delerav dette vil det vere ein bankgaranti på, resten må vi melde inn til buet,seier finansdirektør Atle Harald Sandtorv i Grieg Seafood.

Ivar Holmefjord er ein av aksjonærane i oppdrettsselskapetBolaks i Eikelandsosen. Aksjeposten hans er no ein del av buet.

Dagleg leiar Bjørg Mette Holmefjord Antonsen seier konkurseni Real Salmon ikkje på nokon måte påverkar drifta av Bolaks. Ho har ingenkommentar til kva dei andre aksjonærane vil gjere i høve til aksjeposten iBolaks som no er i hendene på bustyret.

Bergens Tidende fekk ikkje kontakt med Ivar Holmefjord tirsdag.