Fylkestinget i Møre og Romsdal er denne veka samla til møte i Geiranger. Her har det no i føremiddag blitt stadfesta at Havila har lagt inn eit bod på 350 millionar kroner.

Havila er eit familieselskap i Herøy på Sunnmøre. Sentralt i selskapet står Per Sævik, tidlegare stortingsrepresentanten for Kristeleg Folkeparti.

Sævik har starta fleire supplysbåtselskap. Han står i dag bak Havila Shipping, eit selskap som eig og driftar i underkant av 30 båtar som i hovudsak har oppdrag opp mot oljesektoren.

Fleire har vist interesse

Sævik-familien er også verftseigarar gjennom Havyardgruppen som mellom anna eig verftet i Leirvik i Hyllestad.

Saka kjem fram for fylkesutval i morgon tidleg, og seinare på dagen for fylkestinget.

Som tidlegare meldt i Bergens Tidende har fleire selskap vist interesse for aksjeposten. Mellom dei er Tide. I den avsluttande bodrunda skal i tillegg til Havila og Tide også Torghatten Trafikkselskap i Brønnøysund ha vore med.

Møre og Romsdal fylkeskommune eig 41 prosent av Fjord1. Sogn og Fjordane eig 59 prosent, og sit med aksjemajoriteten i selskapet.

Truleg verdt ein milliard

Dersom fylkestinget i Møre og Romsdal vedtek å selje, har Sogn og Fjordane rett til å tre inn i bodet. Fylket kan kjøpe aksjeposten til den same prisen som Havila er villig til å betale.

Det er uvisst kva avgjerd fylkestinget i Møre og Romsdal kjem til onsdag ettermiddag. Då ei sak om fullføring av aksjesalet var oppe, var det eit knapt fleirtal som gjekk inn for å avhende eigdardelen.

Fjord1 som har hovudkontor i Florø, er eit av dei største transportselskap i landet. Verdien av selskapet er truleg rett i underkant av ein milliard kroner.