Det 300 meter lange fartøyet kom tirsdag til Aker Stord etter eit 15.000 nautiske mil langt slep frå Samsung-verftet i Sør-Korea.

Dei neste seks vekene skal det jobbast døgnkontiunerleg for å ferdigstilla BP sin FPSO (flytande produksjonsinnretning) for Skarv-feltet i Norskehavet.

— Vi har hatt høgtrykk med oss heile vegen på siste etappe frå Gran Canaria, seier plattformsjef Sverre Østerdal i ei pressemelding frå BP. Heile turen frå Geoje i Korea har teke 93 dagar.

Skarv er verdas største gassbehandlingsskip. Når det er produksjonsklart i tredje kvartal i år, kan det ta opp 15 millionar standard kubikkmeter gass og 80.000 fat olje per dag. Lagringskapasiteten er 875.000 fat olje.

Heile Skarv-utbygginga er kostnadsrekna til 36 milliardar kroner. Av dette kosta skrogbygginga i Korea rundt 2,4 milliardar. Aker Stord sin kontrakt er verd rundt 100 millionar kroner. Oppdraget omfattar blant anna testing av utstyr og system, og ymse arbeid på dreieskiva (turreten) på skipet. Tre propellar skal og monterast.