• POSITIV: - Dette er eit glimrande tiltak for å luka ut dei useriøse aktørane i serveringsbransjen. Me er klare til å visa fram personallistene når det måtte vera, seier restauranteigar Gunnar Tørnblom ved Dickens. Storaksjonen til Skatteetaten på Vestlandet startar denne veka. Heile beltet i regionen med alt ifrå Nordfjordeid til Egersund kan venta seg besøk, men flest kontrollar blir det i Bergen. FOTO: Odd E.NERBØ

Skatteetaten set i gang storaksjon

Det nye kravet om personallister skal kontrollerast hjå heile 1000 verksemder på Vestlandet. Restauranteigar Gunnar Tørnblom har med glede nytta over 25.000 kroner på nytt system for nettopp dette.