Framleis kan skatten omfatta berre bruk og verk, slik at privatbustader blir skåna.

Eigedomstakstane blir bestemt av kvadratmeterprisen kvar kommune fastset for tomtegrunn og for bruksareal i hus og hytte. Prisen tek utgangspunkt i såkalla sjablonverdiar basert på omsetnadstal.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå hadde i fjor ein norsk einebustad på 120 kvadratmeter med eitt mål tomt sentralt i kommunen ein gjennomsnittleg eigedomsskatt på knapt 2200 kroner.

I Hordaland varierte i 2008 skatten for ein 120 kvadratmeter stor bustad mellom ytterpunkta 5000 (Bergen) og 400 (Odda) kroner. I Sogn og Fjordane var Flora dyrast (4200 kroner) og Balestrand billegast (420 kroner) blant kommunar med eigedomsskatt på privatbustad.

Det er høve til å differensiera taksten ved å vedta ulike faktorar for loft og kjellar, for garasje og uthus. Kvar kommune kan også delast inn i soner med ulike takstfaktorar.

I tillegg kan det gjevast fritak for nyare hus i inntil 20 år, og det er opning for å vedta botnfrådrag. 70 kommunar hadde i fjor nyhusfritak, 60 kommunar hadde botnfrådrag. Fitjar kommune har til dømes eit frådrag på 250.000 kroner for kvart bustad— og fritidsbygg.