— Då eg sa at vi skulle lage eit internasjonalt reklamebyrå frå Bergen, lo alle. Men no har vi klart det, seier Svein Roger Selle, styreformann og partner i MK Norway.

Selskapet har inngått ein avtale med Oranigiana Schweppes International, om å marknadsføre brusgiganten internasjonalt.

— Vi har inngått ein avtale om at vi skal jobbe med kommunikasjon for dei, men eg får ikkje lov til å seie i kva land og slikt, seier Selle.

Tur til Amsterdam

Ifølgje Selle er det første gong eit norsk reklamebyrå har fått kontrakt for marknadsføring av eit utanlandsk selskap utanfor Noreg.

— Grunnen til at vi vart vald var at dei hadde sett ein norsk kampanje (for Schweppes) som vi gjorde for Hansa Borg bryggjeri i vår. Den likte dei så godt at vi vart invitert til å presentere oss til hovudkontoret i Amsterdam, seier han.

Vonar på fleire oppdrag

Det er ifølgje Selle enno ikkje klart kva avtalen vil seie økonomisk for selskapet i Lille Øvregaten.

— Det veit eg ikkje. I det korte løp er det avhengig av kor mykje vi får jobbe for dei, i det lange vonar eg at fleire får augo opp for oss. Det er fleire kundar internasjonalt enn i Norge, seier han.