Dunk-dunk. Atle Foss sine velretta treklubbeslag mot hovudet set tokiloslaksen raskt ut av spel før forskaren sikrar seg blodprøvar av fisken.

Havforskningsinstituttets havbruksstasjon på Austevoll er arena for ei intens forsking for å finna ei erstatning for CO2 som passiviseringsmiddel for oppdrettslaks.

Fordi CO2 (karbondioksid) ikkje tilfredsstiller krav til dyrevelferd og etikk i samband med avliving av laks, er det vedteke forbod mot bruk av gassen. Snart to år etter at CO2-forbodet skulle tre i kraft, er det enno uvisst når det skjer.

Etter CO2 kan det bli CO (karbonmonoksid) — kolos - som passiviserer laksen før han går mot sin sikre død.

Betre for fisk og folk

  • Vi veit at fisken har ei viss kjensle for CO2 og får stressreaksjonar. Det ser vi ikkje med CO, seier professor Erik Slinde ved Havforskningsinstituttet.
  • Fisken er heilt roleg når han blir utsett for CO. Deretter kan han bedøvast fullstendig med elektrisitet før bløgging, seier Slinde.

CO kan dermed gi både ei betre avslutting på livet for laksen, og eit betre matprodukt for oss som skal eta fisken. Det er dokumentert at stress i avlivingsfasen fører til skader og dårlegare kvalitet på fiskekjøtet.

Den vanlegaste avlivingsprosessen i norsk oppdrettsnæring i dag er bedøving eller passivisering i CO2-bad, isvatn, slagmaskin eller ved hjelp av elstraum, og deretter avliving med gjellekutt (bløgging).

Den nye slakteriforskrifta tilseier forbod mot å bedøva fisk med gass som blokkerer oksygenopptaket. Likevel blir det forska på både CO og lave konsentrasjonar av CO2

- Imageproblem

  • CO blir brukt i industrien, og er også nytta ved avliving av dyr. Men det er ein giftig gass med eit image som ikkje er så godt. Likevel trur eg det vil lukkast å få han godkjent i oppdrettsnæringa, når drivkrafta er ei mest mogeleg skånsam avliving, seier professor Erik Slinde.

Havforskningsinstituttet driv for tida forsøk med CO i mindre skala i Austevoll. Eit storskala slakteforsøk er planlagt seinare i år ved eit lakseslakteri i Sogn og Fjordane.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!