— Deter ei totalvurdering ut frå dei utfordringane vi ser selskapet har, seier Teigeom grunnen til leiarskiftet.

Skal pendle

Tor Vikenes er tilsett som ny konsernsjef. Han kjem fråleiarjobben i Hordafôr, der Teige er styreleiar. Vikenes skal pendle frå Bergentil hovudkontoret, som tidlegare i år vart flytta frå Måløy til Ålesund.

Hordafôr gjer godt butikk på innsamling og foredling avfiskeavfall. Selskapet hadde 520 millionar i driftsinntekter og fekk eitresultat før skatt på 77 millionar kroner i fjor. Tilsvarande tal for NorwayPelagic er 2,6 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på118 millionar kroner.

To anlegg lagt ned

Norway Pelagic kontrollerer om lag halvparten avproduksjonskapasiteten i den norske silde- og makrellindustrien, og eig tilsaman 15 anlegg rundt Nordsjøen, både i Noreg og utlandet. Selskapet omfattarmellom anna anlegga som tidlegare var eigd av Domsteinkonsernet, og anlegga tilden største aksjonæren, Austevoll Seafood.

Norway Pelagic vart skipa gjennom ei samanslåing av fleiremindre selskap, og børsnotert i 2008. Eigarane ville ha eit stort selskap for åstå sterkare i forhandlingar med kundane, og for å få makt til å leggje nedanlegg for å auke lønsemda. To anlegg er alt lagt ned, Bergen Fiskeindustri iBergen og eit anlegg i Ålesund.

Men måla med å skipe Norway Pelagic er ikkje nådd, ogifølgje Teige. Etter ei periode med samanslåingar og blir det Vikenes sin jobbå få ut større lønsemd, blant anna ved å få resten av industrien med på åredusere produksjonskapasiteten.

Bør bli større

— Dermå heile industrien vere med, seier Teige.

Han trur og silde- og makrellkonsernet ikkje er stort noktil å få den makta i marknaden eigarane vil ha.

— Egville sagt at Norway Pelagic bør ha som mål å bli enda større enn vi er i dag,seier Teige.

Si din mening i kommentarfeltet undder!