Når det 56 år gamle fartøyet, eldst av alle hurtigruteskipa, legg til kai i Bergen i ettermiddag, er det båtens siste anløp i ordinær hurtigrutetrafikk.

Når «Nordstjernen» når Nordnes, er det meininga at ho skal møtast av MS «Finnmarken», eit av skipa i den nye generasjonen hurtigrutefartøy.

På kaia i Florø var eit 50-tals personar var møtte fram for å ta farvel med nestoren mellom alle hurtigruteskipa før siste etappe mot Bergen.

  • Eg er komen for å sjå ein skikkeleg båt i denne klassen leggje til kai i Florø for siste gong. Dei nye fartøya dei byggjer av denne typen ser ut som kassar, sa ein av dei frammøtte.

Ei rekkje hurtigrutentusiastar er med på den siste turen med «Nordstjernen». Dei har kjempa for at skipet, som Riksantikvaren har karakterisert som verneverdig, skulle få gå vidare i rute langs norskekysten. Men no er det definitivt slutt.

I sommar skal «Nordstjernen» brukast på eit par cruiseturar til Svalbard. Og når den sesongen er over, skal båten seljast.

MS «Nordstjernen» blei bygt i Tyskland i 1956 for det Bergenske Dampskibsselskap. «Nordstjernen» var ein del av gjenoppbygginga av hurtigruteflåten etter krigen. Båten gjekk i fast rotasjon som hurtigrute til 2002. Seinare har fartøyet vore brukt som cruisebåt og erstatningsskip i vinterhalvåret.

MS «Nordstjernen» legg til kai i Bergen i halv tre-tida i ettermiddag.

Sjekk hurtigrutene på våre webkamera.

BÅT OG BLOMAR: «Nordstjernen» kom til Florø for siste gong i dag.
ØYSTEIN TORHEIM
hurtigruten1.jpg
ØYSTEIN TORHEIM