Fredag morgon, klokka 09.00, gjekk tilbodsfristen til Marine Harvest ut. Selskapet nådde ikkje målet om å ta hand om minst 33,4 prosent av aksjane i Cermaq og trakk dermed bodet.

Klokka 17.21 kom børsmeldinga om at Marine Harvest har selt rundt 3,3 millionar aksjar i Cermaq til ein gjennomsnittskurs på 105,33 kroner pr. aksje. No eig Marine Harvest litt over 1,7 millionar aksjar, som svarer til ein eigardel på 1,84 prosent.

Marine Harvest har sagt dei ville selje seg heilt ut avCermaq, dersom dei ikkje fekk kontroll over ein tredel av aksjane. Tidlegare idag heldt styreleiar likevel døra på gløtt for at kampen ikkje var over.