• Dommedagsprofetiar overtyder ingen. Vi må selge fordelane med klimatiltak, seier Arnold Schwarzenegger.

Filmstjerna og eks-guvernøren er det store trekkplasterer på Zerokonferansen 2011, som i dag og i morgon blir arrangert på Gardermoen. Schwarzenegger kom på scena med sju sting i panna, frå innspelinga av sin komande film, «The last stand». For å snakke om si store hjartesak, klima— og miljøspørsmål.

— Når det kjem til røyndom, er det dette som er drama, seier Schwarzenegger.

Han nytta høvet til eit kritikk av miljørørsla si marknadsføring av trongen for å redusere utsleppa av klimagass.

Nett no er det dei som vil halde på dagens orden som har overtaket.

— Dei går rett i strupen på det som er viktigast for folk, seier Schwarzenegger.

Det betyr jobbar. Mange trur ikkje på klimaendringane, og fryktar dei for jobbane sine, vil dei ikkje ha noko klimatiltak heller.

— Vi må gjere det same, snakke til folk om det dei er opptekne av, seier Schwarzenegger.

Som guvernør i California markerte han seg som ein pådrivar for miljøtiltak og fornybar energi, som sette California i førarsetet i USA. Det har gitt tre gevinstar i tillegg å redusere utsleppa av klimagassar, og det er desse gevinstane miljørørsla må snakke om: nye jobbar i miljøteknologiindustrien, betra den nasjonale tryggleiken ved å bli mindre avhengig av importert olje, og ein helsegevinst fordi reine energiformer ikkje forureinar. Snakk om gevinstane, ikke ulempene, det er bodskapen.

— Ville folk gått på kino dersom vi fortalde dei at dei ville føle seg verre etter filmen enn før, spør han retorisk.