Stord og Vats har hoggeklare verftsanlegg, men greier ikkje å ta unna alt skrotmetallet som må fjernast frå sokkelen etter 2020. Betongunderstell kan derimot stå att på havbotnen.

Norske opphoggingsverft må i tillegg til rundt 500 norske installasjonar også bu seg på å attvinna mengder av utrangerte plattformer på britisk og hollandsk sokkel.

Britane åleine har planar om å ta 16 store plattformer og 144 små stålplattformer ut av bruk innan 2020, går det fram av ein ny rapport frå Klima— og forureiningsdirektoratet (Klif).

— Som nasjon har vi eit soleklart ansvar for å rydda opp etter oss, og sørgja for ei miljømessig forsvarleg handtering av avfallet som oppstår etter oljeeventyret, seier Klif-direktør Ellen Hambro.

Plattformene er innsausa med nokre av dei minste, men likevel farlegaste miljøgiftene vi kjenner Lars Haltbrekken, Naturvernforbundet

- Innsausa med miljøgifter

Aker Solutions og Scandinavia Metall sitt anlegg på Stord, AF Decoms anlegg i Vats og Lyngdal Recycling er i stand til å dekka behandlingsbehovet på 20.000 tonn stål i året fram til 2020. Deretter vil behovet tidoblast, og det krevst eit nytt opphoggingsverft - helst i Nord-Noreg, konkluderer Klif-rapporten.

Stålplattformer som til no er opphøgde, som Frigg.

— Plattformene er innsausa med nokre av dei minste men likevel farlegaste miljøgiftene vi kjenner, som kvikksølv og PCB. Rapporten dokumenterer svikt i utsleppskrava til dei fire anlegga om finst i Noreg i dag, seier Naturvernforbundets leiar, Lars Haltbrekken.

Naturvernforbundet ber om at det basert på rapporten blir laga strenge nasjonale retningslinjer for miljøsanering og opphogging av både oljeinstallasjonar og skip, og at det blir bygt opp spesialtilpassa anlegg eller verft regionsvis i Noreg.

Ansvaret for å gi løyve til opphogging har med vekslande resultat vore delegert til fylkesmennene. I rapporten foreslår KLIF å ta tilbake ansvaret med å dela ut opphoggingsløyve. Det støttar Naturvernforbundet.

Staten betaler

Staten tek 80 prosent av opphoggingskostnaden. Stålet blir kappa opp i bitar og selt til omsmelting. Attvinningsgraden er 98 prosent på gjennomførte prosjekt i Vats (Ekofisk) og Stord (Frigg).

Av farleg avfall som følgjer med utrangerte plattformer til land, er kvikksølv og lågradioaktivt materiale dei mest kjende. Begge finst naturleg i feltreservoara og følgjer med opp til overflata med olje og gass og blir avsett i prosessutstyr og røyrleidningar.

Norsk verft er ifølgje Naturvernforbundet ikkje i stand til å handtera miljøfarlege stoff forsvarleg i lukka system utan utslepp.

— Heller ikkje skraphandlarar og den einaste spesialbedrifta for plattformopphogging, AF Decom, har tillitvekkjande miljøsaneringsapparat, meiner forbundet.

- Bra, men kan bli betre

— Dagens anlegg, som det i Vats, er bra, men kan bli betre. Bransjen skal underleggjast eit stramt reguleringsregime, blant anna med krav om miljøanalysar for å hindra utslepp, seier miljøvernminister Erik Solheim til bt.no.

Synspunkt på saka? Sei meininga di.