Med ei formue som kryp oppover mot 10 millionar kroner, har ingen andre kulturkjendisar med adresse Bergen større økonomisk suksess enn pianisten på Møhlenpris.

35-åringen, som opphavleg kjem frå Karmøy, er Noregs største verdsstjerne innan klassisk musikk, og hadde ei skattbar inntekt på over 3,3 millionar kroner i 2004. Han betalte 1,1 millionar i skatt.

— Eg har ingen planar om å flytte til Monte Carlo for å sleppe unna skatten. For meg er det viktig å bu der eg føler meg heime, seier Andsnes til BT.

Dyre og billege vinar

Sidan 1987 har pianisten spelt inn over tretti cd-ar - så mange at han har mista oversikt over fjorårets plateproduksjon.

— Tre-fire, trur eg. Hugsar ikkje heilt. Men inntektene er ganske små. Det er konsertane som er hovudinntektskjelda, seier Andsnes, som spelte kring nitti konsertar i Europa, USA og Asia i fjor.

Han seier at han er lite oppteken av pengar, og brukar lite energi på å tenkje på den slags.

— Men sjølvsagt er eg jo glad for at eg slepp å uroe meg over økonomien. Pengane er godt plasserte i forvaltingsfond. Eg er sjølvstendig næringsdrivande, og har ingen planar om å starte eige selskap, fortel Andsnes til BT.

— Litt luksus unner du deg vel?

— God mat ...

— ...og dyre vinar?

— Både dyre og billege. Og eg har bustad i Bergen, København og hytte på Løyning.

Nye joggesko, gammal bil

På Skansen i Bergen bur forfattar Gunnar Staalesen - god for 7,7 millionar kroner og med ei skattbar inntekt på nær 2,5 millionar i fjor.

Dét kan Staalesen i hovudsak takke den private snushanen Varg Veum for. Fjorårets bok «Ansikt til ansikt» selde i 70.000 eksemplar i 2004.

— I tillegg hadde eg litt inntekter frå omsetjing, radioteater og ettersal av tidlegare bøker. Alt i alt var 2004 over all forventing. Eg hadde vore fornøgd med ein femtedel av inntekta, eg. Stort meir treng ein jo ikkje.

Omtrent annakvart år gir Staalesen ut ny bok. Denne skriverytmen betyr at inntektene svingar frå år til år.

— I år har eg ingen nye bøker med same salspotensial, slik at inntekta i fjor blir ein «buffer» for 2005, seier forfattaren.

— Kva brukar du pengane på?

— Eg lever eit helt vanleg liv. Eg bur i ei lita leilegheit, køyrer Toyota Corolla 1998-modell og har hytte i Nordhordland. Ingen luksus, med andre ord.

— Men det er eit godt liv, utan økonomiske problem. Eg kan kjøpe nye joggesko eit par gonger i året, ete godt ute med familien og har råd til å reise, om eg ønskjer det, seier Staalesen, som betalte over 940.000 i skatt i fjor.

— Eg betalar med glede, og håpar at ein del av beløpet går til bybane i Bergen. Då går eg til sengs som ein lykkeleg mann!

Ingen «blockbuster»

Samanlikna med Andsnes og Staalesen, lever artisten Heidi Marie Vestrheim opp til myten om den fattige kunstnaren.

I fjor levde artisten for første gong av musikken aleine - utan bijobbar - og er oppført med skattbar inntekt på vel 26.000 kroner i 2005.

— Eg er ikkje blitt ein «million blockbuster» enno, konstaterer 28-åringen tørt.

Vestrheim solodebuterte med cd-en «Signs and fiction» på eige selskap i fjor, og turnerte land og strand rundt.

— Eg set veldig pris på å kunne fokusere heilt og fullt på musikken, sjølv om det er frå hand til munn. Men så lenge handa strekkjer seg ut ofte nok, klarar eg å leve på det, seier Vestrheim til BT.

SUPERSTJERNA: Pianisten Leif Ove Andsnes har over 200 reisedagar i året, og gav kring nitti konsertar over heile verda i fjor. Det lønte seg. I fjor hadde verdsstjerna på Møhlenpris skattbar inntekt på nær 3.4 millionar kroner.

ARKIVFOTO: BJØRN SIGURDSØN, SCANPIX

KRIMKONGEN: Varg Veum-romanen «Ansikt til ansikt» er hovudårsaka til at forfattar Gunnar Staalesens inntekt på nær 2.5 millionar kroner i 2004.

ARKIVFOTO: KNUT FALCH, SCANPIX

DEBUTANTEN: Musikaren Heidi Marie Vestrheim lever opp til myten om den fattige kunstnaren. I 2004 hadde ho skattbar inntekt på 26.600 kroner.

ARKIVFOTO: MARTE ROGNERUD

SUPERSTJERNA: Pianisten Leif Ove Andsnes har over 200 reisedagar i året, og gav kring nitti konsertar over heile verda i fjor. Det lønte seg. I fjor hadde verdsstjerna på Møhlenpris skattbar inntekt på nær 3.4 millionar kroner. ARKIVFOTO: BJØRN SIGURDSØN/SCANPIX