Søndag skal gigantriggen «Aker Barents» ut i Klosterfjorden på testing før han skal i boreoppdrag utanfor Midt-Noreg for Aker Exploration. Det var i rolla som styreleiar i Aker Exploration Røkke var på Stord onsdag saman med resten av styret.

Til sommaren er det håp om at søsterriggane «Aker Spitsbergen» og «Aker Barents» endeleg er operative på norsk sokkel, meir enn eitt år etter planen.

Alvorleg feil

Det var under ein tilsvarande fjordtest i vinter at ein alvorleg feil oppstod på «Spitsbergen» sitt boreutstyr.

Feilen medførte at Aker Stord (Aker Solutions) måtte skyva på overleveringsdatoen ytterlegare i høve til tidlegare utsetjingar på Akers nye 6.generasjons borerigg for ekstreme klima. «Aker Spitsbergen» er formelt overlevert Aker Drilling, og blir no klargjort ved Westcon-verftet i Ølen for boreoppdrag for StatoilHydro i Nordsjøen.

Begge riggane blei i 2005 bestilte av Aker Drilling til ein pris på 3,7 milliardar kroner stykket. Konstruksjon— og leveranseproblema gjer at Aker Solutions må svelgja kostnadsoverskridingar som kan bli på mellom ein halv og ein milliard kroner pr. rigg.

Utleige

Aker Exploration er Aker-konsernets vesle oljeselskap med 34 tilsette som tilbyr boretenester i bytte mot lisensar i olje- og gassfelt til havs. Selskapet har 16 lisensar på norsk sokkel, og er operatør på to. «Aker Barents» er leigd i tre år av Aker Drilling for 520.000 dollar døgeret, og har sysselsetjing for riggen det første året.

Aker ASA sitt investeringsselskap Aker Capital eig 76 prosent av Aker Exploration. På Oslo Børs har aksjekursen falle frå 70 til 22 kroner sidan sist sommar. Aker Drilling blei stroken frå børsnotering då Aker Capital blei heileigar i fjor vår.

MANGE HATTAR: Kjell Inge Røkke var onsdag på Stord for å sjå på «Aker Barents».ARKIVFOTO: JON HAUGE