— Marknaden er jo enorm. Eg ser veldig lyst på framtida.

Dagleg leiar Knut Steines sit på ei kasse ute på lageret hos Rufo transportkasser og fortel om overgangen frå musikk- og lydbransjen til oljebransjen. Over halvparten av staben er musikarar. Steines har trommesett på kontoret og mønstrar eit rockeband på få timars varsel. Kassene som før blei lempa opp og ned på konsertscener, er i dag òg å finne på oljeplattformer, i flylasterom og supplyskip.

Det starta i 1983 med to musikarar, som fekk ein kompis på besøk. Han hadde den vesle gitarforsterkaren med i ei kasse frå Amerika. Ei kasse til svimlande 4800 kroner (cirka 11.500 i dag).

— Eg og Martin (Foldal) så på kvarandre, seier salssjef Jostein Runde. Dei to grunnleggjarane fekk dollarteikn i augo, og sette i gang.

Løfta av finanskrisa

Gradvis fekk Rufo eit namn hos musikarar og konsertarrangørar. Innimellom kom det ordrar frå andre bransjar, også oljeindustri, men det var musikk som var tingen. Heilt til finanskrisa banka på døra og kundane blei forsiktige.

Krisa kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt. Rufo hadde akkurat flytta frå tungvinte, gamle lokale til ny og moderne fabrikk. Gjelda var ti millionar kroner, eit svimlande tal for selskapet, som ikkje hadde meir enn ni tilsette.

Det var god grunn til panikk.

I staden gjekk det rett opp, og grunnen er olje.

— Ein måtte berre bestemme seg for at det blir for dumt om dette blir slutten. Vi måtte tenkje breiare når det gjaldt produkta våre. Då var det å begynne å tenkje på korleis skal vi kome ut til olje- og offshore. Og det var jo klokt.

Steinnes og kollegaene fekk full klaff. I dag står oljebransjen for kring 30 prosent av inntektene. Rufo har dobla både inntekter og stab sidan 2008.

Over ti prosent i olje

— Det er ganske mange av den type eksempel. Eg trur det er mange som har fått ei aha-oppleving og tenkt; kunne vi berre kome inn der på ein eller annan måte. Det er mange kreative folk som har klart å få oljebransjen som ei attåtnæring, seier direktør Knut Sunde i Norsk Industri.

Industriens evne til å omstille seg til å bli underleverandør i oljebransjen er avgjerande for at det har gått så godt i Noreg etter finanskrisa samanlikna med andre land, meiner Sunde.

Minst 250.000 nordmenn har jobb i oljebransjen ifølgje ein analyseselskapet Menon har gjort for bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri.

Statistisk sentralbyrå har gjort liknande vurderingar, og kome fram til liknande tal.

250.000 personar utgjer 10,5 prosent av heile arbeidsstyrken og nesten fem gongar fleire enn dei som jobbar direkte i oljeselskapa (sjå grafikk).

Oljebransjen spreier seg inn i bedrift etter bedrift.

_mg_5955.jpg
TOR HØVIK

Menon har bygd opp ein eigen database med oversikt over bedrifter som er underleverandørar i oljebransjen.

— Den må vi oppdatere veldig ofte, fordi stadig fleire vrir seg mot olje og gass. Det har skjedd i aukande grad dei siste åra, fordi etterspørselen har auka så sterkt, seier Fjose.

Han trur på ei klarare og klarare skilje mellom bedriftene innanfor og utanfor oljebransjen.

— I aukande grad vil vi få ei todeling av norsk økonomi. Dei som klarer å vri seg mot olje og gass, kjem til å gå godt. Dei som ikkje klarer det, kjem til å gå dårlegare, seier Fjose.

Vind i segla

Hos Seilmaker Iversen på Frekhaug er femte generasjon seglmakar Iversen – Magne – også blitt ein del av oljebransjen.

I 1868 gjekk tippoldefar Andreas Iversen på land og starta som seglmakar på Nordnes i Bergen.

Har du båttypen oselvar kan du framleis får kjøpt segl frå Seilmaker Iversens eige segltoft. Men den store marknaden som tippoldefaren svinga seg opp på skrumpa inn med båtmotorens frammarsj.

No er det olje som er det store, over 60 prosent av driftsinntektene kjem frå ulike typar presenningar til oljebransjen.

— Vi kom inn i oljebransjen heilt frå starten, gjennom verftsindustrien., seier dagleg leiar Tore Iversen (4. generasjon).

Han trur oljen berre blir viktigare i åra som kjem.

— Med dei gode signala som er frå oljeutvinninga, så er det eg ser for meg, seier Iversen.

ALL RIGHT: Med over halve staben som aktive musikarar er det ei smal sak for dagleg leiar Knut Steinnes (slagverk) i Rufo Transportkasser å stable eit bedriftsrockeband på beina. Ørstabedrifta starta med kasser for musikk- og lydbransjen. Finanskrisa tvinga dei til å leite etter kundar også i oljebransjen. Resultatet blei at både inntekter og arbeidsstokk dobla seg.
TOR HØVIK