Høge lakseprisar, auka sal av fôr og at drifta i oppdrettsverksemda i Chile er snudd frå underskot til overskot ligg bak resultatauken.

I tredje kvartal åleine vart overskotet før skatt 575 millionar kroner, mot 163 millionar i same periode i fjor.

Pr. tredje kvartal er driftsinntektene 6,8 milliardar kroner, mot 6,5 milliardar i same periode i fjor. Resultatet før skatt pr. tredje kvartal er 1,3 milliardar kroner, mot 197 millionar i fjor.