Høg laksepris og betre drift gjorde først kvartal til det beste i Grieg Seafood si historie.

Som resten av oppdrettsbransjen utan verksemd i Chile profitterer Grieg på vanskane i chilensk oppdrettsnæring.

Det børsnoterte oppdrettsselskapet auka overskotet før skatt frå 171 millionar kroner i første kvartal i fjor, til 357 millionar kroner i første kvartal i år.

Både i Noreg og på Shetland er fiskehelsa i anlegga betre enn i fjor.

Det einaste minuset er drifta i Canada, der nedslakting på grunn av algeproblem og låg oksygeninnhald i sjøen svekkjer resultatet i første kvartal.