Songa Offshore må klare å selje unna ein rigg, eller hente inn meir eigekapital. Om ikkje, kan CCB får problem med å få betalt for utbetringa av Songa Delta og Songa Trym, trur aksjeanalytikar David Bhatti i Nordea Markets.

Bhatti trur rett nok Songa Offshore vil klare å ro seg i land, men uvissa rundt selskapet får truleg nervøsiteten fram hos CCB-sjef Kurt Andreassen.

Så langt er alt i orden, ifølgje Andreassen.

— Alt som vi har utfakturert har vi fått betalt på forfall. Vi legg til grunn at Songa har pengar, og det er vi blitt forsikra om frå Songa heile vegen, seier han.

Andreassen peika på at den eine riggen CCB har utbetra er på veg ut i oppdrag, som vil syte for ein pengestraum inn i kassa, og at den andre riggen skal vere klar for oppdrag neste månad.

Bergens Tidende lukkast ikkje i å få ein kommenter frå Songa Offshore torsdag.

Kostnadssmell

Kontrakten om utbetring og vedlikehald i samband med obligatorisk inspeksjon (klassing) av boreriggane Songa Delta og Songa Trym er den største einskildkontrakten CCB har gjort med nokon kunde.

Natt til torsdag drog boreriggen Songa Delta frå CCB, etter å ha vore inne til obligatorisk inspeksjon og vedlikehald på CCB. Inspeksjonen avdekte at utbetringane som måtte til blei langt større enn venta.

Opphavleg blei det rekna med at jobben ville koste rundt 70 millionar dollar. Songa skulle dekkje litt under halvparten, medan Statoil skulle ta resten. Torsdag kom det melding frå Songa Offshore om at selskapet sin del av rekninga blir på mellom 130–140 millionar dollar

Songa Trym, som skulle blitt ferdig i månadsskiftet november/desember, blir først klar i midten av desember, melde Songa. Rekninga for inspeksjon og utbetring ville bli rundt 120 millionar dollar.

Samstundes er det ikkje avklart om Songa Offshore lukkast med å selje boreriggen Songa Eclipse til Seadrill, eit boreselskap med John Fredriksen som storeigar. Ei avgjerd er venta i løpet av kort tid, melde Songa Offshore torsdag.

Det kan bli eit problem dersom salet av Eclipse ikkje blir gjennomført, og dersom ein kriseemisjon feilar. Då kan verftet slite, seier David Bhatti.

Kraftig børsfall i går

Før finanskrisen slo inn i oljebransjen i 2008 blei aksjane i Songa Offshore handla for over 80 kroner pr. stykk på Oslo Børs. Torsdag var prisen pr. aksje 4,15 kroner pr. aksje, og heile selskapet blei verdsett til under 900 millionar kroner. Børskursen fall over 18 prosent i løpet av dagen og gjorde Songa Offshore til den store taparen på Oslo Børs.

Bergenske Frank Mohn AS, Mohn-familiens investeringsselskap Perestroika og Fredrik W. Mohn privat eig litt over 22 prosent av aksjane i riggselskapet.

Songa Offshore eig seks riggar og har ytterlegare fire under bygging.