Klokka ti tysdag formiddag troppar ein jurist og to inspektørar frå Arbeidstilsynet opp på hovudkontoret til selskapet ISS på Dokkeskjærskaien i Bergen. Der møter dei regiondirektøren i eit landets største serviceselskap, mest kjent frå reinhaldsbransjen.

Med seg til dagens tilsyn har inspektørane dokument og vitneprov som tyder på alvorlege brot på fleire paragrafar i arbeidsmiljølova.

Påstandane går mellom anna på systematisk bruk av ulovleg overtid. Dokumentasjon BT har fått tilgang til tyder mellom anna på at tilsette i ISS har jobba nærmare 1000 timar overtid i løpet av eitt år. Ifølgje Arbeidsmiljølova er det ikkje lov å arbeide meir enn 300 timar overtid, eller 400 viss selskapet har fått løyve til det frå Arbeidstilsynet. Det har dei ikkje, ifølgje konserntillitsvald Eva Jensen.

Ryddar sprøytespissar

Etter det BT kjenner til har Arbeidstilsynet òg fått dokumentasjon som viser at mange tilsette heller ikkje har fått den løna dei har krav på. I tillegg til manglande overtidsbetaling skal fleire tilsette systematisk ha fått ei flat månadsløn på rundt 20.000 kroner, uansett kor mykje dei har arbeidd.

Når ISS som selskap bryt arbeidsmiljølova, er det alvorleg. Eva Jensen, konserntillitsvald

Arbeidstilsynet granskar òg, etter det BT forstår, påstandar om trakassering — og det som truleg er grove brot på sikkerheitsforskriftene. Det siste skal mellom anna gjelde ein avtale ISS har for utvasking av kommunale leilegheiter i Bergen, der tilsette skal ha plukka store mengder sprøytespissar etter narkomane utan skikkeleg verneutstyr.

ISS fekk pålegg i fjor

— Når ISS som selskap bryt arbeidsmiljølova, er det alvorleg. Det har noko med moral å gjere, seier konserntillitsvald Jensen, etter å ha gått grundig gjennom ei av sakene.

Det spesielle med den er at den tilsette hadde tatt vare på alle timelister. Det avslører, ifølgje Jensen, både ulovleg overtid og manglande overtidsbetaling. Dei påståtte lovbrota skal ha skjedd i ei avdeling i Bergen.

Dagens tilsyn kjem berre månader etter at ISS fekk påpakning frå Arbeidstilsynet for ulovleg overtidsbruk, noko som kom fram etter ein landsomfattande kontroll i fjor.

Mellom anna avslørte stemplingsautomatar, på hotell der ISS var leigd inn, at dei ISS-tilsette systematisk jobba lenger enn den offisielle arbeidstida. Ifølgje dei tilsette fekk dei berre løn for sju timar, uansett kor lenge dei arbeidde. ISS har frist til 1. mars med å rette seg etter pålegget.

- Dei tilsette trivst

Regiondirektør Fredrik Duus i ISS Facility Services region Bergen vil ikkje kommentere påstandane om lovbrot. Han avventar i staden dagens møte med Arbeidstilsynet.

— Vi får sjå kva dei kjem med, seier han.

- BT har sett dokumentasjon som tyder på ulovleg bruk av overtid. Meiner du det er feil?

— Det er i så fall enkelttilfelle. Vi er veldig opptekne av at slikt ikkje skal skje, og ønskjer å vere så ryddig som mogleg rundt alle tilhøve som gjeld arbeidsmiljøet, seier han, og viser til undersøkingar som viser at ISS-tilsette, både i Hordaland og elles i landet, trivst godt på jobben.

Duus seier at dersom det viser seg at tilsette har jobba ulovleg overtid, så skal ISS rydde opp i det.

Temarikt møte

Tilsynsleiar Kåre Askvik i Arbeidstilsynet i Bergen vil ikkje kommentere opplysningane som gjer at dei no kjem på tilsyn til ISS på Dokkeskjærskaien.

— Generelt er det slik at vi festar lit til det vi får inn av informasjon, men det å følgje opp med tilsyn er å få verifisert kva det reelle innhaldet er, seier han, og viser elles til tilsynsbrevet dei har sendt ISS.

Der står at tema for tilsynet mellom anna er arbeidstid, psykososialt arbeidsmiljø, «rutiner ved oppdrag som har spesielle arbeidsmiljøutfordringer», rutinar for å «avdekke og rette opp overtredelser» og rutinar for varsling.

Konklusjonen frå Arbeidstilsynet vil kome rundt midten av februar.