I dag er reglane slik at berre aktive fiskarar får vere majoritetseigarar i fiskebåtar. Det gjer at mange etterkomarar etter fiskebåteigarar ikkje får lov å eige.

Det er ein av grunnane til at Møgster Havfiske nett har seld «Møgsterfjord», ein av dei største fiskebåtane i Hordaland, for over 400 millionar kroner. Det stadfestar Helge Møgster til Bergens Tidende.

— Sånn som deltakarlova er vil vi kanskje kome i eit problem ved neste krossveg, for det er få i vår familie som er på sjøen, seier han.

Det er deltakarlova som styrer kven som får eige fiskebåtar og dermed hand om fiskekvotar verdt titals milliardar (sjå eigen artikkel).

Krav for fall

Får Høgre og Framstegspartiet (Frp) fleirtal i neste stortingsval, blir det minst ei oppmjuking i kravet til kven som skal få lov å eige fiskeflåten her til lands. Kanskje blir det også fritt fram.

I dag kan landkrabbar berre vere mindretalseigarar i fiskebåtar. Over halvparten av fartyet må vere i hendene på såkalla aktive fiskarar.

  • Eg vil stryke det kravet fullstendig, seier nestleiar i Stortingets næringskomité, Harald Nesvik i Framstegspartiet.

Nesviks komitekollega og Høgre sin fiskeripolitiske talsmann, Frank Bakke Jensen, opnar ikkje for å gå like langt, men lovar endring.

  • Eg er ganske sikker på at om Høgre og Framstegspartiet får fleirtal så gjer vi noko i høve til dei soleklare problema vi ser i dag, seier han.

Tunge generasjonsskifte

Fiskerirådgivar Svein Fagerbakke i rekneskapsselskapet Økonor fører rekneskap for ei rekkje fiskebåtreiarlag på Vestlandet.

Han seier hovudtyngda av desse reiarlaga vart starta på 60- og 70-talet, slik at generasjonsskifte står for døra.

Samstundes er det blitt store verdiar i desse selskapa, først og fremst fordi fiskekvotane dei eig er blitt så verdifulle. I og med at deltakarlova gjer at ikkje alle etterkomarane kan vere eigarar, kan generasjonsskifta bli vanskelege.

  • Det er mange reiarlag som vil møte 50-prosentregelen etter kvart, seier Fagerbakke.

Nok med konsesjonslova

Harald Nesvik i Frp har arbeidd for å endre deltakarlova i lang tid. No kan sjansen til å lykkast vere innan rekkjevidd. Fleire meiningsmålingar har gitt Framstegspartiet og Høgre reint fleirtal, den siste offentleggjort av NRK denne veka.

Nesvik vil både gjere det lettare for arvingane og sleppe nye investorar inn i fisket.

  • Det er heilt klart at du ikkje kan stille så strenge krav. Det skaper store problem for reiarlag i samband med arveoppgjer og i samband med å få inn kapital, seier Nesvik.

Han meiner det held å bruke konsesjonslova for å sikre at fiskekvotane blir eigd av nordmenn, og elles sleppe alle til.

Ikkje hastverk

Helge Møgster understrekar at Møgster Havfiske ikkje hadde bråhast med å selje «Møgsterfjord». Salet er ein del av eit arveoppgjer, og avgjerda om å selje vart også teken fordi Møgster Havfiske meinte prisen var god.

«Møgsterfjord» var eigd av Møgster Havfiske, som i sin tur er eigd av familieselskapet Laco. Laco er også storaksjonær i dei børsnoterte selskapa med hovudkontor i Austevoll, Austevoll Seafood og forsyningsskipsreiarlaget DOF, som til saman er verdt 13,5 milliardar kroner.

Helge Møgster sin bror, Ole Rasmus Møgster, døydde i februar i år, 51 år gammal. Det er dei to brørne som har stått i spissen for å byggje opp Laco.

Ole Rasmus Møgster stetta kravet til å bli definert som aktiv fiskar etter deltakarlova, men det gjer ikkje etterkomarane. Dei har i dispensasjon frå deltakarlova i fem år.

Etter salet eig Møgster Havfiske eitt fiskefarty.

SPELA INN: Deltakarlova er ein av grunnane til at Møgster Havfiske selde «Møgsterfjord» seier Helge Møgster.

MILLIARDVERDIAR: Gode prisar, godt fiske og samling av fisket på færre båtar har sendt verdien kvotane til sild og makrell opp i 30 milliardar kroner. Her er Austevollbåten «Slaatterøy» (til høgre) på makrellfiske i Nordsjøen. ARKIVFOTO: TOR HØVIK