Ordførar Gunnar Bakke, byrådsleiar Monica Mæland og næringsbyråd Øistein Christoffersen stod klare til å fortelja kongen om Bergensregionens olje— og gassmiljø. Men fekk aldri sjansen.

Rask handhelsing

Til det var kongens tur gjennom ONS-messa sitt enorme utstillingsområde for tidsknapp. På Business Region Bergen sin store fellesstand rakk Bergens politiske leiarar berre ei rask handhelsing på kong Harald og oljeminister Terje Riis-Johansen som følgte hakk i hæl.

Fremst på Bergen-standen for å ta imot kong Harald stod Ronny Haufe og Michelle Williams frå CCB-basen på Ågotnes og Tobby Sander Tomassen, marknadssjef i Business Region Bergen. Heller ikkje dei fekk tid til å gi kongen oljeinfo om Hordaland.

1300 utstillara r

Etter omvisninga på ONS-utstillinga stod kong Harald for den offisielle opninga av årets oljemesse. Den samlar rundt 1300 utstillarar frå heile verda og 40.000 gjester i løpet av dei neste fire dagane.

Temaet for Offshore Northern Sea (ONS) 2010 er Energi for fleire menneske.

Kor viktig er oljemessa for næringslivet i Norge? Sei di meining i kommentarfeltet under!