Det bergenske oljeselskapet Rocksource får 60 millionar kroner i kontantar for å selje seg ned i gassfeltet Norvarg og i fleire leitelisensar. Aksjespekulantane svarar med å sende børskursen opp over 15 prosent i formiddag.

— Dette løyser våre kortsiktige og mellomlange finansielle utfordringar, seier administrerande direktør Chris Spencer i ei børsmelding.

Rocksource hadde ein skuffande boresesong ifjor, fire av fem brønnar var tomme. Børskursen stupte, toppsjefen gjekk av og i staden for å planlegge neste leiterunde har selskapet hatt gjeldssituasjonen øverst på sakslista sidan ifjor haust.

Det einaste lyspunktet ifjor var gassfunnet på Norvargfeltet i Barentshavet, der Rocksource eig 20 prosent. No sel Rocksource ein eigarpost på 13 prosent i Norvarg til selskapet Valiant Petroleum og blir sitjande att med sju prosent. Rocksource sel også halvparten av eigarskapen sin i 12 leitelisensar. I tillegg til å betale 60 millionar i kontantar overtek Valiant Petroleum komande leitekostnadar på 200 millionar kroner frå Rocksource.

— Vi er overtydd om at dette er den beste løysinga for våre aksjonærar, ei løysing som legg eit solid grunnlag for å gjenreise Rocksource som eit aktivt leiteselskap på den norske kontinentalsokkelen, seier Spencer.