Høgare pris på laks, seabass og seabream er årsaka. Marine Farms fekk eit overskot før skatt på 17,8 millionar kroner i første kvartal i år, mot 6,8 millionar kroner i første kvartal i fjor.

Driftsinntektene steig i same periode frå 196 til 221 millionar kroner. Selskapet driv lakseoppdrett i Skottland og oppdrett av seabass og seabream i Middelhavet. I tillegg driv Marine Farms cobiaoppdrett i Belize og Vietnam, førebels utan å tene pengar på det.

Selskapet starta med cobiaoppdrett i 2002. I første kvartal var driftsunderskotet frå cobiaoppdrett 8,6 millionar kroner.