Selskapet får og 13 prosent betre betalt for gassen og produserer i tillegg 13 prosent meir enn ifjor.

Overskotet før skatt aukar frå 35 til 42 milliardar kroner frå tredje kvartal ifjor til tredje kvartal i år.

Etter årets ni første månader har Statoil seld olje og gass for 487 milliardar kroner, og fått eit overskot på 154 milliardar, 55 milliardar meir enn på same tid ifjor.

Då Statoil presenterte sine langsiktige mål i sommar la selskapt vekt på å få ny fart på norsk sokkel og på større satsing på såkalla ukonvensjonelle ressursar.

Ukonvensjonell ressurar er olje og gass i sand og skifer. I ei pressemelding i dag seier konsernsjef Helge Lund Adlous/Avaldsnesfunnet — eitt av dei størst på norsk sokkel - og bodet på det amerikanske oljeselskapet Brighan Exploration - som driv utvinnging frå oljeskifer i USA, stadfestar at Statoil er på rett spor.