— Dette set oss mange år tilbake i tid. Om vinteren kan det gå halvannan veke før me få henta posten, seier geitebonde og turistvert Geir Arne Eikemo, som for mange er kjend for traktorsafari til Eikemostølen – ein populær turistattraksjon i Åkrafjorden.

Eikemo har hatt postrute sidan 1953. No har Posten varsla at Nils Kjetil Eikemo sine dagar som postbod til Eikemo er talde. Dei tre husstandane i den isolerte grenda er varsla om at frå nyttår er det slutt.

— Det er trist for grenda, og for meg personleg betyr det mindre å leva av. Å vera geitebonde er ikkje så feitt, seier Nils Kjetil Eikemo til avisa Grannar.

Sparer 100.000

Kvar ettermiddag seks dagar i veka køyrer han dei 3,5 kilometrane ned til kaien på Eikemo, tek båten over fjorden til Viskjer like ved E134. Han har med seg posten som skal sendast og tek i retur post og pakkar til oppsitjarane på Eikemo. Om sommaren kan det vera eit dusin adressatar på lista på grunn av dei mange feriehusa.

Frå nyttår vil ikkje Posten betala for denne tenesta lenger. Brukarane må ha postkasse ståande på Viskjer og sjølv ta ansvar for henting og bringing. Ifølgje lokalavisa vil Posten spara 100.000 kroner på rutekuttet.

- Ikkje alt i eit jafs

Posten si utleveringsplikt for postsendingar er regulert av konsesjon gitt av Samferdsledepartementet. «Ikkje farbar veg» og «Isolert busetjing utan regulær transportsamband» er særtilfella i unntaksreglane, som Posten forklarer avgjerda si med.

— Skal dei først kutta, burde det vore frå seks til tre-fire dagar, ikkje alt i eit jafs. Det er ein rar måte å gjera det på, og argumenta deira held ikkje vatn. Det er farbar veg for han som har båt, seier Geir Arne Eikemo,

Lover politisk kamp

SV-politikar i Bergen og sentralstyremedlem Oddny Irene Miljeteig kjem sjølv frå den veglause sida av Åkrafjorden. Ho er ikkje nådig i sin dom over Posten.

— Eit arrogant maktovergrep ein sjeldan ser i samfunnet, er hennar kommentar.

Også tidlegare statssekretær i Samferdsledepartementet, Steinulf Tungesvik (Sp), vil protestera i form av eit brev til departementet. Lokalt lover ordførar Sigve Sørheim (Sp) kamp for å oppretthalda posttilbodet som i dag.

Posten svarer

Posten har sendt det følgjande skrivet til BT:

«Nils Kjetil Eikemo har hatt kontrakt med Posten om å hente post fra Viskjer kai over fjorden til Eikemo siden 2003. Siden den gang har antallet beboere i Eikemo gått noe ned, og i dag bor det fem personer der. Samtidig har postmengden generelt minket dramatisk i perioden. Dette gjør at kostnaden for denne tjenesten blir uforholdsmessig dyr. Posten ser seg derfor nødt til å holde seg til de samfunnsmessige forpliktelsene vi har. Ettersom Eikemo ikke ligger ved farbar vei og også er en isolert bosetting uten regulær transportforbindelse, betyr det levering ved Viskjer kai seks dager i uken.

Vi har forståelse for at de fem personene dette gjelder synes dette er synd å miste et slikt gode, men ber også om forståelse for at vi mener kostnadene ved denne ekstratjenesten blir urimelig,» skriv informasjonssjef Jørn Michalsen i Posten.

MISTER POSTEN: Geir Arne Eikemo og dei andre fastbuande på Eikemo i Åkrafjorden må køyra 3,5 kilometer og kryssa ein fjord, dersom Posten legg ned postruta.
Thomas T. KLeiven
POPULÆR TRAKTORSAFARI: Kvar sommar kjem mange til Åkrafjorden for å oppleva den veglause grenda Eikemo og geitene på stølen.
Helge Sunde