• Ein lettelse, seier Thomas Pedersen.

Distriktsretten i det nordlege California avviste fredag kravet frå den amerikanske internettgiganten Facebook.

I år reknar den bergenske pornogründeren med å nå 15 millionar kroner i inntekter frå pornonettstaden Faceporn, eit namn Facebook vil forby han å bruke.

Facebook meiner Pedersen og firmaet hans, Retro Invent i Valkendorfsgaten i Bergen, bryt lova og misbrukar deira namn og varemerke, og gjekk til sak hausten 2010.

Men retten avviser saka fordi den meiner den ligg utanfor retten sin jurisdiksjon.— Vi har heile tida følt at det ikkje var California som var rett stad, seier Pedersen.

Formell siger

Jan Fredriksson, talsperson for Facebook i Skandinavia, seier Facebook ikkje har nokon kommentar til rettsavgjerda får retten i California. På generelt grunnlag seier han Facebook alltid er oppteke av å verne namn og varemerke, men vil ikkje kommentere om Facebook eventuelt vil prøve å trekkje Pedersen for retten andre stader, til dømes i Noreg.

Det er først og fremst ein formell siger Pedersen har vunne. Retten er samd med Facebook i at Pedersen med vitande og vilje har tatt i bruk Faceporn som varemerke, og dermed brote vernet Facebook har av sitt varemerke.

— Det er eg usamd i. Vi har ikkje gjort noko bevisst for å sverte Facebook sitt varemerke, seier Pedersen.

Han trur ei rettssak i Noreg er lite sannsynleg.

— Eg er 90 prosent sikker på at dei ikkje kjem til å forfølgje dette vidare i Noreg, seier han.

Møtte ikkje

Rettssaka i USA har gått utan at Pedersen har vore til stades. Etter å ha søkt råd hos advokatar konkluderte han med at eit eventuelt tap i retten vill uansett ha lite å bety fordi retten ikkje vill ha mynde til å drive gjennom kravet i Noreg.

I 2009 gjekk Retro Invent med nesten ein million i overskot, men 2010 gjekk med nesten ein halv million kroner i minus.

Rekneskapen for 2010 er den siste som er tilgjengeleg i rekneskapsregisteret. Pedersen seier selskapet fekk kring seks millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat om lag i balanse i fjor. I år ventar han eit sal på 15 millionar kroner.

Raskt til retten

Facebook har fleire gongar gått til retten for å stanse nettsider selskapet meiner prøver å snylte på Facebook-suksessen. Mellom anna fekk den nye nettstaden Teachbook – ein nettstad for lærarar – krav om å fjerne «book» frå namnet.

— Som å kaste bomber på ein mygg, sa Teachbook-sjefen Greg Schrader til magasinet Wired då kravet blei kjent.

— Ved å bølle med små selskap utan ressursar til å forsvare seg prøver dei å skremme andre frå å bruke desse vanlege orda som ein del av sitt varemerke, sa Thomas Pedersen etter at han blei stemna for retten i California i fjor.