-
MARINE HARVEST: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane anmelder nå oppdrettsgiganten for overproduksjon og forureining.FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN.
Politimelder oppdrettsgigant
Overproduksjon ved anlegget til Marine Harvest har ført til påviselig forureining av miljøet.
AV: per marifjæren
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melder Marine Harvest Norway AS for grove brot på konsesjonsvilkåra ved Haukå setjefiskanlegg i Flora kommune. Fylkesmannen meiner oppdrettsgiganten har drive massiv overproduksjon ved anlegget.
- Utsleppa frå denne overproduksjonen har ureina miljøet, skriv fylkesmannen i ei pressemelding.
Anlegget har konsesjon for utslepp frå ein produksjon på 236 tonn fisk, medan fylkesmannen meiner verksemda sidan 2008 har produsert opptil 400 tonn i året. Det er altså snakk om ein overproduksjon på meir enn 70 prosent i høve konsesjon.
I pressemeldinga skriv fylkesmannen at det er kritisk viktig at verksemder med ureinande utslepp har respekt for rammer og vilkår i løyva dei får:
- I utgangspunktet set ureiningslova forbod mot å ureine. Løyve til utslepp er difor resultatet av ei vurdering av verksemda sine behov, miljøet sitt krav mot påverknad, nødvendige utsleppsreduserande krav og kostnadar med tiltak. Mogelege krav må også vurderast mot totale kostnader og om kravet er pårekneleg for slik verksemd, skriv fylkesmannen i pressemeldinga.
Les også
Siste fra Økonomi
MARINE HARVEST
- Marine Harvest Norway har aktivitet langs heile norskekysten frå Agder til Nordland innan stamfisk, rogn, matfisk og foredling.
- I region vest har selskapet 27 oppdrettsanlegg i sjø og 8 anlegg i ferskvatn.
- Marine Harvest Norway er landets største oppdrettsselskap med 25 prosent av den totale lakseproduksjon i landet.
- Med 6200 tilsette i 22 land, ein produksjon på meir enn 300.000 tonn laks og ein omsetnad på 15,2 milliardar kroner (2010), er konsernet Marine Harvest verdas største innan lakseoppdrett.
Relaterte bilder
ANLEGGET: Her fra Marine Harvest sitt anlegg på Etne. FOTO: ARKIV
Mest lest på økonomisiden
Rekrutteringsselskaper
Valutaer, indekser og råvarer
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,01 | 5,73 |
|
|
+0,00 | 0,89 |
|
|
+0,04 | 7,69 |
|
|
-0,04 | 8,97 |
| Indekser | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,66% | 481,21 |
|
|
+0,74% | 15 298,67 |
| Råvarer | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjøolje | +0,22 | 105,69 |
Lånekalkulator
Hvor mye kan jeg låne?
Bilforsikring – Sammenlign tilbud