Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melder Marine Harvest Norway AS for grove brot på konsesjonsvilkåra ved Haukå setjefiskanlegg i Flora kommune. Fylkesmannen meiner oppdrettsgiganten har drive massiv overproduksjon ved anlegget.

— Utsleppa frå denne overproduksjonen har ureina miljøet, skriv fylkesmannen i ei pressemelding.

Anlegget har konsesjon for utslepp frå ein produksjon på 236 tonn fisk, medan fylkesmannen meiner verksemda sidan 2008 har produsert opptil 400 tonn i året. Det er altså snakk om ein overproduksjon på meir enn 70 prosent i høve konsesjon.

I pressemeldinga skriv fylkesmannen at det er kritisk viktig at verksemder med ureinande utslepp har respekt for rammer og vilkår i løyva dei får:

— I utgangspunktet set ureiningslova forbod mot å ureine. Løyve til utslepp er difor resultatet av ei vurdering av verksemda sine behov, miljøet sitt krav mot påverknad, nødvendige utsleppsreduserande krav og kostnadar med tiltak. Mogelege krav må også vurderast mot totale kostnader og om kravet er pårekneleg for slik verksemd, skriv fylkesmannen i pressemeldinga.

ANLEGGET: Her fra Marine Harvest sitt anlegg på Etne.
ARKIV