På tredje forsøk lukkast Norsk Tillitsmann i å slå Petromena konkurs. Riggselskapet i Berge Gerdt Larsen-systemet har 5,5 milliardar kroner i gjeld og har liggje i strid med långivarane sidan i vår.

Det utvikla seg ein høgrøysta krangel mellom partane i retten etter at dommaren hadde høyrt partane og trekt seg attende for å vurdere saka.

Styreleiar Erik J. Frydenbø i Petromena hevda at det var inngått ein avtale i dag klokka 15 som kunne hindre ein konkurs. Det vart avvist av Norsk Tillitsmann, som representerer långivarane.