Meldinga er dårleg nytt for Petromena, eitt av selskapa i Berge Gerdt Larsen-sfæren.

Selskapet er allereie i strid med obligasjonseigarane, som har lånt Petromena kring 5,5 milliardar kroner. Obligasjonseigarane meiner Petromena har brote lånevilkåra, og at dei difor har rett til å ta styringa i selskapet.

I dag kom eit nytt slag for Petromena. Eigaren av skipverftet Jurong Shipyards i Singapore har sendt ut ei melding om at Petromena ikkje har betalt for ein borerigg innan fristen 28. april.

Riggen var ferdig tidlegare denne månaden, og er den første av i alt tre moderne boreriggar Petromena har tinga hos verftet.