Frå før har både Petroprod og Petromena gått over ende. No er det Petrojack som står for tur.

Styret i Petrojack har ikkje greidd å finne ei løysing på gjeldskrisa i selskapet og ber i dag tingretten i Oslo om at det vert opna konkurs. Det går fram av ei melding frå selskapet.

Petrojack eig ein borerigg og ein aksjepost på 25 prosent i Petrolia Drilling, dei einast attlevande riggselskapet i Larsen-sfæren.

Klokka eitt i dag er det ekstraordinær generalforsamling i Petrolia Drilling.

Grunnen er at Berge Gerdt Larsen sitt selskap, Independent Oil & Resources, krev val av nytt styre. Kravet kom etter at Petrolia Drilling sa opp driftsavtalen med eit anna Larsen-selskap; Larsen Oil & Gas.

Petrolia Drilling vil byggje opp ein eigen administrasjonen og frigjere seg frå banda til medeigaren Berge Gerdt Larsen.

På førehand var det uvisst korleis Petrojack ville røyste på generalforsamlinga i dag. Med konkursen i Petrojack er det kreditorane i selskapet som styrer aksjeposten i Petrolia Drilling. Dei vil neppe støtte kravet om nytt styre.