Retten har sett av måndag 21. desember klokka 15.30 til å handsame kravet om å slå PetroMENA konkurs.

Kravet var levert retten fredag ettermiddag, og tidspunktet for rettssaka vart avgjort i dag.

5,5 milliardar

Striden gjeld lån på til saman 5,5 milliardar kroner, pengar som var lånt for å finansiere bygginga av tre riggar i ved eit verft i Singapore.

To gongar før i haust har PetroMENA lukkast i å få avvist forsøk på å slå selskapet konkurs.

Det er Norsk Tillitsmann, eit selskap som har spesialisert seg på å representere långivarar bak obligasjonslån, som nok ein gong har kravd PetroMENA konkurs.

Ein obligasjon er eit gjeldsbrev som kan kjøpast og seljast.

Tapte

Norsk Tillitsmann tapte første runde fordi retten kom til at selskapet ikkje hadde rett til å slå PetroMENA konkurs. Det måtte långivarane gjere sjølve.

Deretter stifta Norsk Tillitsmann eit eige selskap som kjøpte obligasjonar i marknaden for å omgå den første rettsavgjerda. Den framgangsmåten ville ikkje retten godkjenne.

Retten si avgjerd riv bort grunnlaget for at Norsk Tillitsmann kan eksistere, og striden om prinsippet kjem truleg til å ende i Høgsterett.

Men i sitt tredje forsøk har Norsk Tillitsmann ei fullmakt frå eit obligasjonseigarmøte i ryggen. Vona frå Norsk Tillitsmann er at det er tilstrekkeleg til å få retten til å handsame konkurskravet.