Pengane skal brukast til å kjøpe seg opp i både fiskeri— og oppdrettsselskap i følgje konsernsjef Arne Møgster.

Austevoll Seafood driv fiske- og fiskeindustri i Chile og Peru og rundt Nordsjøbassenget. I tillegg er selskapet største eigar av oppdrettsselskapet Lerøy Seafood Group.

Gjennom selskapet Laco eig Møgsterfamilien 61 prosent av Austevoll Seafood. Etter kapitalutviding i natt vil Laco sitt eigarskap bli redusert til 55 prosent.

Dei nye eigarane få i alt 18, 4 millionar aksjar til kurs 35,50 kroner pr. aksje.