Heile 23.579 arbeidstakarar frå andre kommunar i Hordaland pendlar inn til Vestlandets hovudstad. Dei utgjer 20,5 prosent av dei sysselsette i fylket utanfor Bergen. At Askøy ligg på pendlartoppen er kanskje ikkje så rart, med Kleppestø berre eit kvarter frå Bergen sentrum. Meir overraskande er det at 38,9 prosent av arbeidstakarane i Samnanger og 33,4 prosent på Osterøy også pendlar til Bergen. Mange av dei må bruke rundt to timar i bil eller buss kvar dag.

— Det gjeld å tenkja positivt, seier 44-åringen.

Familiefaren karakteriserer seg sjølv som sauebonde, lokalpatriot og offentleg byråkrat. Med bustad og gard inst i Masfjorden og jobb som seniorrådgjevar ved planseksjonen i Hordaland fylkeskommune blir det ein heftig pendlarveg for Matre.

— Eg har rekna ut at pendlinga i løpet av eit år svarar til 14 arbeidsveker og utgjer over 32.000 kilometer.

Utrekninga har han gjort på førespurnad frå BT. Sjølv er han korkje oppteken av tid eller kostnader som følgje av pendlinga.

— Det er berre slik det er. Eg har ein veldig spennande jobb og bur på ein fantastisk plass, då får eg ta følgjene av valet eg har gjort.

Sjølv om Matre bruker meir av livet sitt på pendling enn de fleste, så er han likevel ikkje unik på nokon måte. I tillegg til kvar femte hordalending utanfor Bergen som pendlar inn til byen, kjem alle bergensarane som pendlar ut frå Bergen, og dei som pendlar mellom andre kommunar.

Sprek start på dagen

Vi sleng oss med på ein av heimturane til Arnold Matre. Frå tolvte etasje i fylkesbygget nærmast småspring trebarnsfaren ned alle trappetrinna.

— Når du skal sitja så lenge i bilen, er det godt å få skikkeleg sirkulasjon i beina først. Ikkje minst gjeld det om morgonen, tolv etasjar rett opp er ein god start på arbeidsdagen.

Sprekingen må først innom YX-stasjonen i Lars Hilles gate for å fylla kaffikoppen før kursen vert sett for Åsane, Lindås, innover Osterfjorden, opp Romarheimsdalen, over fjellet og ned til Matre.

Aukande trafikk

På plass i sin Toyota Hiace minibuss fortel pendlaren:

— Det er ein stor fordel at eg i utgangspunktet likar å køyra bil. Eg får god tid til å tenkja mine eigne tankar og filosofera over både det eine og det andre, ofte saman med god musikk frå radioen. Det er viktig å tenkja positivt og ikkje ergra seg over tida det tek å pendla.

— Kor lang tid brukar du heim til Matre?

— På gode dagar klarar eg det på halvannan time, men stundom går det opp mot to timar, avhengig av trafikk og føre. Dei siste åra har trafikken blitt stadig tettare, spesielt gjennom Åsane.

Knappe kveldar

— Kva er det verste med så lang reisetid?

— Reisetida i seg sjølv er ikkje problematisk, men ein av konsekvensane av å koma seint heim er at eg må forsaka ein del ting, for eksempel i samband med aktivitetar i bygda. Kveldane blir også kortare saman med familien min.

Og det er ikkje berre far i huset som pendlar. Kona Kristin Midtgård jobbar i kommunesenteret på Sandnes, ei reise på rundt 3,5 mil kvar veg, inkludert ei kabelferje mellom Duesund og Masfjordnes. Til saman pendlar ekteparet ca. 24 mil dagleg. Det svarar til omtrent halve strekninga Bergen–Oslo.

Kårkallen hjelper til

Når vi rundar gardstunet heime på Matre, står kårkallen, som Arnold kallar far sin Rognald Matre, og helsar på sonen. Han har tatt seg av fôringa av sauene denne kvelden.

— Far min hjelper til med morgonstellet i floren, noko som er til stor hjelp for meg når eg er så tidleg på 'an.

Like fullt er timevisaren inne på femtalet når Arnold Matre står opp og førebur seg på reisa til Bergen.

— Hender det at vêret stoppar deg frå å dra på jobb?

— Svært sjeldan. Faktisk er fjellstrekninga over til Romarheim betre brøyta enn andre stader langs ruta. Spesielt bra er det blitt etter at Nipetunnelen kom.

Trivst best på heimebane

Den travle karen på Matre har utdanning frå Høgskulen i Sogndal og landbrukshøgskulen på Ås. Han har mellom anna tre år bak seg som jordbrukssjef i Stord kommune, har jobba hos Fylkesmannen i Hordaland, hatt prosjektoppgåver i nabokommunane og vore kyrkjeverje i sju år i Kyrkjeleg fellesråd. Han har også tillitsverv i Nortura og Småbrukarlaget.

— Men det er på heimebane eg trivst best. Her på Matre er det ei fantastisk dugnadsånd. Bygda tel berre 120–130 personar, likevel har vi barnehage, skule, kulturskule, symjebasseng og mange lokale tilbod, seier bygdepatrioten.

Idrettslaget Bjørn West er ofte koordinator for dugnadsarbeidet, som også kjem andre bygder i indre Masfjorden til del, mellom anna er skitrekket i Stordalen reist og drive på dugnad.

«Inn på tunet»

I seks sesongar har Arnold Matre saman med kona drive prosjektet "Inn på tunet", der elevar frå 5. til 7. trinnet får følgja syklusen på garden hans gjennom året, som såing, lemming, slått, hausting, sauesanking og slakting.

— Korleis får du tid til alt dette?

— Det kan sjølvsagt bli travelt av og til, men eg er på langt nær åleine. Vi er mange på laget som vil utvikla Matre-bygda, samstundes som vi vil ta vare på gardane her.

— Kor lenge vil du halda på med pendlinga?

— Det er vanskeleg å seia, men eg er neppe bypendlar når eg pensjonerer meg. For meg har ikkje karrieren førsteprioritet. Røyner det på, blir valet enkelt, seier bonden og byråkraten.

pendlere1 liste.jpg