Disse tjener best på Stord

I byrjinga av april sprakk nyhendet om at Rommetveits høgrøysta son, Jan Kåre Pedersen fekk løn og bonusar frå Bravida-konsernet verd 15 millionar kroner i fjor. Likninga viser at resultatet er ein million kroner betre for den tidlegare fagforeiningsbossen.

Det forbetra resultatet kan ha samanheng med at Pedersen også har hatt gode inntekter på sine eigedomsinvesteringar heime på Stord, eventuelt på aksjar.

Skilnaden mellom inntekta på 16 millionar og formuen på 8,7 millionar kroner kan truleg i hovudsak forklarast med den store utvidinga og oppussinga som Bravida-sjefen i fjor gjorde på husbankhuset sitt i Knappahagen.

Pedersen hadde i 2001 ei inntekt på 5,8 millionar og ein formue på 2,7 millionar kroner.

På Stords inntektstopp fekk Jan Kåre Pedersen i fjor følgje av Inge Engelsen (48), læraren som har gått saman med broren Rolf om torskeoppdrett. Og av Jens (58) og Håvard Hystad (53), eigarar av lokalavisa Sunnhordland.

Disse tjener best på Stord