Mangel på samordning av avlusingstiltak har fått noko av skulda for oppblomstringa av lakselus i haust. Den vesle fiskeparasitten har kunne spreie seg raskare fordi ikkje alle oppdrettarar i eitt område har avlusa samstundes.

Målet med den samordna avlusinga er at fjordane skal vere mest mogleg lusefri når lakseyngelen vandrar til havs til våren.

I januar skal all avlusing skje samstundes og på styresmaktene sin kommando.

Mellom 12. og 31 januar skal alle oppdrettsanlegg frå Rogaland i sør til Nordland i nord avlusast.

Neste runde er til våren. Mellom 22. mars og 4. april skal alle anlegg frå Møre og Romsdal og sørover avluse fisken. Mellom 12. og 25. april skal det avlusast i alle anlegg i Trøndelag og Nordland.

For å ta livet av lakselusa brukar oppdrettarane kjemiske middel, anten som bad eller tilsett i fôret. I haust er det meldt at parasitten i aukande grad er blitt motstandsdyktig mot dei stoffa som er på marknaden.