Den tradisjonsrike produksjonen av skipspropellar og gir kan gå mot slutten, men arbeidsplassane på Rubbestadneset på Bømlo er sikra.

I ettermiddag fekk dei tilsette gladmeldinga om at gir— og propellavdelinga blir vidareført i eit nytt, lokalt selskap med rundt 90 arbeidsplassar.

- Som julafta

Det var 1. november at det finske Wärtsilä- konsernet, som overtok motorfabrikken på Rubbestadneset i 1986, varsla at gir- og propellproduksjonen der skulle leggjast ned til fordel for innkjøp frå underleverandørar og testing og samanstilling ved selskapets avdelingar i Italia og Kina.

— Dette er som julafta, vi er veldig letta og glade, seier John Bjørn Mikalsen, leiar for Fellesforbundets medlemmer i Wärtsilä.

— Vi ser ei veldig god framtid for det nye selskapet, med bakgrunn i utsiktene innan olje- og gassverksemda. Wärtsilä har lova å henta leveransar hos den nye verksemda, som enno ikkje har fått noko namn. Nokre stillingar er framleis i fare, men eg reknar med at det ved hjelp av omplasseringar og andre ordningar vil lata seg gjera å hindra oppseiingar på Bømlo, seier John Bjørn Mikalsen.

Ny leiar klar

Tore Kallevåg, avdelingsdirektør ved Wärtsilä, blir leiar for den nye verksemda, og dessutan ein av fem aksjonærar som alle i dag er knytt til Wärstilä.

Frå første dag etter varselet om utflagging starta Kallevåg arbeidet med å få etablert eit sjølvstendig produksjonsselskap med base i dei eksisterande fabrikklokala hos Wärtsilä på Rubbestadneset.

— Vi har ei stor og god ordrebok for 2013, og skal då hjelpa Wärtsilä med kvalitetsleveransar som før. Deretter må vi over på nye produkt, og sjølvsagt i håp om at Wärtsilä blir ein kunde for oss også framover. Fabrikasjonsutstyret vi overtek er fleksibelt og av og god kvalitet, og vi kan fabrikera komponentar opp til 50 tonn. Med bakgrunn i dei rekordstore investeringane som er varsla i Nordsjøen, ser vi at olje og gass er ein lovande marknad å posisjonera seg for, seier Tore Kallevåg.