Når Norled set inn den aller første heilelektriske bilferja i sambandet Oppedal — Lavik om to år, er det ein pakke av litium-ion-batteri som sørgjer for framdrifta, og som dermed blir heilt utsleppsfri.

Batteriteknologien er utvikla for mobiltelefonindustrien, og seinare adoptert av og tilpassa bilindustrien. No vil også skipsfarten surfa på den batterielektriske bølgja.

— Den maritime marknaden representerer nemleg ein stor og relevant forretningsmarknad for batteriindustrien framover, seier Hege Økland, prosjektleiar i den vestnorske industriklynga Maritime CleanTech West.

Neste veke er gruppa representert på eit stort batterisymposium i Austin i USA, der den fremste internasjonale ekspertisen innan energilagring er til stades.

— Nye og strengare miljøkrav, og ønskje om reduserte operasjonskostnader, er dei viktigaste marknadsdrivarane for meir energieffektive og miljøvennlege fartøy, seier Ingve Sørfonn, styreleiar i Maritime CleanTech West og føredragshaldar om marknadspotensialet for batteri i skip på symposiet til amerikanske National Alliance for Advanced Battery Technology.

Batteriets «far»

På samlinga i Austin, Texas vil fysikkprofessor John B. Goodenough (90) - rekna som litiumbatteriets «far» - få overrekt ein pris for sitt banebrytande arbeid gjennom over 30 år for å utvikla stadig lettare høgenergibatteri.

— Til mobiltelefonane trongst det oppladbare batteri. Dei einaste som fanst av slike på den tida var bly-syre-batteri, som var altfor tunge, har Goodenough uttalt om mobiltelefonens pionerperiode.

Litium-ion-batteri av større format og yteevne har seinare fått innpass i bilindustrien. No vil Maritime CleanTech West ha fokuset dreidd over på skipsfarten.

— Batteriteknologien vil vera avgjerande for marknadsinteressa for nye miljøvennlege transportløysingar. Batteriindustrien si evne til å tilby batteri med auka rekkevidde, lengre levetid og til rett pris, vil vera sterkt medverkande for i kva grad marknaden tek i bruk låg- og nullutsleppsteknologi, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Utviklingsprosjekt

— Hos oss pågår det i dag fleire utviklingsprosjekt med bruk av siste generasjon batteriteknologi. I "Folgefonn"-prosjektet blir det installert eit ti tonns batteri om bord i erja som trafikkerer Jektevik-sambandet i Sunnhordland. Batteriet skal ladast frå straumnettet på land. Her vil batteriet sine eigenskapar og funksjonar bli testa ut i full skala. FellowSHIP er eit anna velkjent utviklingsprosjekt i klynga, det starta i 2003. Her blir komplette system for brenselceller utvikla og testa om bord i Eidesvik sitt offshorefartøy «Viking Lady». Skipet blir no utstyrt med batteri - noko som vil gjera det endå meir energieffektivt, ifølgje Martime CleanTech West.

Installeringa av den store batteripakken til 37 millionar kroner er del av eit miljøforskingsprogram, der Norges forskningsråd deltek med 40 prosent av investeringa, resten blir betalt av FellowSHIP (Wärtsilä, Eidesvik, Veritas). Tiltaket kan redusera utsleppa med minst 20 prosent, ifølgje deltakarane. «Viking Lady» er frå før verdas første gassdrivne skip som får straum levert frå ei brenselcelle som også går på gass. I forhold til tradisjonelle dieseldrivne fartøy gir det 90 prosent redusert NOx-utslepp (nitrogenoksid), 25 prosent redusert CO2-utslepp (karbondioksid), dessutan ingen utslepp av svovel, sot eller partiklar, ifølgje Eidesvik-reiaralaget.

Ti knops fart

Til Norleds batteriferje i E39-sambandet i Sogn har Fjellstrand-verftet i Hardanger bestilt ein stor litium-ion batteripakke hos Siemens for levering i midten av 2014, stadfestar verftets prosjektleiar for ferjemodellen ZeroCat, Edmund Tolo.

Batteriferja skal ta 120 bilar og 360 passasjerar, og vil i ti knops fart bruka om lag 20 minuttar mellom Oppedal og Lavik. Mellom turane blir det ti minuttars lading i ladestasjonar på kvart ferjestø.

Sambandet skal i tillegg trafikkerast av to konvensjonelle dieseldrivne ferjer.