— I sommar er det tinga vaflar og kaffi til 24.000 cruisepassasjerar. Dei tek Flåmsbana opp hit, blir servert, og tek toget ned att til cruisebåten i Flåm, fortel hotelldirektør Jannet Aksdal.

Denne veka hadde ho ein tilleggsattraksjon ferdig til dei mange gjestene. Ein flunkande ny loftssalong med panoramautsyn, ikkje minst frå den luftige verandanen ned mot den mektige Flåmsdalen.

Huldresong og lysshow

Her får dei sjå Kjosfossen ovanfrå, og høyra huldrene si neste framføring av Nøringen (”Eg ser deg, eg ser deg, men kan’kje koma te deg”).

— Om vinteren er det våre gjester, i minst like stor grad som togfarande, som får glede av lyssettinga av Kjosfossen, røper Kjell Arne Aksdal, altmogelegmann på hotellet.

I nord stuper Flåmsdalen ned mot fjorden, til høgre kjem det grøne toget sigande rundt den store svingen med Reinungavatnet i bakgrunnen. Det tutar i fløyta når toget stoppar for å setja av eller ta på ein hytteeigar eller to på Reinunga haldeplass.

700 på ein dag

Hotelldrift på veglause Vatnahalsen, 825 meter over havet, er inga enkel oppgåve, men Jannet har ståpåvilje og god hjelp av foreldra, Rigmor med vaffelrøra og Kjell Arne, som tidlegare hadde direktøransvaret.

Vaffelturismen har gitt hotellet eit nytt bein å stå på. 700 gjester på ein dag går greitt, berre dei kjem puljevis. Segmentet utgjer om lag ein tredel av årsomsetnaden, fortel direktøren. Hotellet har om lag 600 overnattande på ein sommar.

Redningsplanke

Jernbanefolk heldt pusten då Aksnes for eit par år sidan antyda at hotellet på kanten av stupet, i fysisk forstand, måtte halda stengt deler av året, grunna høge kostnader og låg omsetnad.

— Vatnahalsen har vore redninga for oss mange gonger. Utsikt til stengt hotell i periodar med sjanse for at tog køyrer seg fast i snøen, var lite lysteleg, seier fagleiar Ole Erik Almenningen i Jernbaneverket, letta over at faren er over. I høgfjellet er det ikkje mange stader å ta inn når mange må jobba på skift, og treng både mat og søvn.

Utviking

— Det neste prosjektet er ein stor terasse rett under den nye verandaen, fortel Jannet Aksnes.

Samstundes som nye inntekter gir hotellet rom for investeringar, kan dei gle seg over at Flåm Utvikling AS, som driv Flåmsbana, legg ned pengar i utvikling av området ved jernbanehaldeplassen, heilt opp til utebassenget ved hotellet.