I 2010 kom det nye reglar for oppdrettarane i Hardangerfjordområdet. Målet var å redusere problema med sjukdom og lakselus.

Området blei delt i sju soner, der alle oppdrettarane må drive i takt, og la området liggje brakk ein periode etter slakting før ny fisk blir sett ut.

— Meir nyansert

No har Mattilsynet vurdert ordninga.

— Vi ser for oss at det er fornuftig å køyre dette løpet i ein lenger periode før vi gjer endringar, seier tilsynsdirektør Kristina Landsverk.

Både Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet ville opphavleg dele området i færre og større soner, men fekk ikkje gjennomslag. Erfaringa så langt har ikkje styrkja deira alternativ, meiner direktør Kristina Landsverk i Mattilsynet.

— Ein har nok etter kvart fått eit meir nyansert syn, basert på dei erfaringane vi har fått, seier Landsverk.

Lokal smitte

Ei erfaring så langt er at store soner kan føre til oppblomstring av store mengder lakselus den perioden produksjonen er på topp. Samstundes ser det ut til at lakselusa ikkje spreier seg så vidt som frykta.

— Vi ser at mykje av smitten truleg er ganske lokal, seier Landsverk.

Fleire oppdrettarar måtte gjennomføre ei omfattande omlegging av drifta for å kunne halde oppe ein jamn produksjonen.

I oppdrettsnæringa har det vore frykt for at ei ny soneregulering ville tvinge oppdrettar gjennom denne prosessen ein gong til, men det skjer i alle fall ikkje i år.

Mattilsynet har nettopp sendt ut ein rapport som oppsummerer erfaringane med soneinndelinga i Hardangerfjordområdet, og vil presentere rapporten på Hardangerfjordseminaret som startar i Øystese i morgon.

Seminaret er eit årvisst arrangement om situasjonen for villaks, sjøaure og oppdrettsnæringa i Hardanger.