I Bergens Tidende i går kom regiondirektør Hans Haddal i Fiskeridirektoratet med ein trepunktsplan mot rømt oppdrettslaks:

  • Eit offentleg beredskapsapparat for å styre handtering av rømming.
  • Rekninga skal gå til oppdrettarane, og helst til oppdrettsselskapet som er ansvarleg.
  • Innsatsen for å ta ut rømt oppdrettslaks må konsentrerast til elvane.

Haddal får delvis medhald hos den politiske leiinga i Fiskeridepartement.

— Det er ei målsetjing at det anlegget som har hatt ei rømming skal betale, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeridepartementet. Han peikar på bruk av analyse av arvematerialet hos fisken (DNA.-analyse) som middel til å finne ut kvar rømt fisk stammar frå.

  • Det er DNA-sporing som er det mest openberre, seier Ulriksen.