• SNUR: Oppdrettarane tek rekninga i Etneelva. FOTO: EDNA HOVDEN

Oppdrettarane betalar opprydding

Oppdrettarane gjer heilomvending og tek likevel rekning for oppfiskinga av rømt oppdrettslaks i Etneelva i fjor. Dei tek også ansvaret for å finansiere ei fiskefelle som skal hindre at nye rømlingar kjem seg opp i elva.