Lone er self-made millionær og frontfigur i aure-oppdrettselskapet ho bygde opp saman med ektemannen Alf på Osterøy.

I fjor kom verdiane fram i lyset då dei selde seg ut til Frode Møgster og Sjøtroll-konsernet.

Åse Lone er suveren på toppen over kvinnelige bedriftseigarar. Saman med Ada Merethe Kjeseth (leiar og tidlegare største aksjonær i reknskapsselskapet ØkonomiPartner), og Elsa Sørensen (tidlegare apotekeigar i Os) tilhøyrer ho den vesle gruppa av kvinner som har drive fram si eiga forretning.

Feil veg

Med erfaringane frå oppdrettsnæringa i ryggen synes Lone det går feil veg for kvinnene.

— I staden for at verda går framover, så har verda heller gått litt bakover, seier Lone.

Oppkjøp og samanslåingar har skapt færre og større selskap, og kvinnene har forsvunne ut av næringa.

-Det var fleire kvinner i oppdrett tidlegare, også som ville jobbe i organisasjonane, seier Lone.

Oppdrett dominerer

Det er ingen frå Sogn og Fjordane på inntektstoppen, korkje mellom kvinner eller menn.

Men i Hordaland, medrekna Bergen, er toppen på listene full av tidlegare aure- og lakseoppdrettarar som selde anlegga sine i 2001, då prisane var rekordhøge.

Med unntak av Trond og son Frederik Wilhelm Mohn - dei einaste bergensarane - og Geir-Nordahl-Pedersen, er alle mennene på ti på topp-lista blitt rike på oppdrett.

I tillegg til Åse Marian Lone, ligg sal av oppdrettsaksjar bak inntekten også for de tre neste kvinnene på lista, Kari Solberg, Ann Helen Solberg og Lilly Bente Heiervang.

Partnarskap

Ekteparet Lone har drive som forretningspartnarar sidan 1967, først som verkstadseigarar, deretter som oppdrettarar frå 1973.

Lone har alltid lagt vekt på at partnarskapet også skal vere formelt markert. Difor har ho alltid eigd halvparten av aksjane i eige namn.

— Er eg med på nokon ting, skal eg også ha noko i det, seier Lone.

I dag er ho og mannen delvis etablert i Spania, der dei kjøpte bustad i god tid før Sjøtroll tok over. Men no har dei god tid til å vere der.

Om ho angrar på salet?

— Nei, eg har det så deileg. Du må hugse på at vi er snart pensjonistar.